Ein Borat-kopi på 2,10

antibalas-1.jpg
Antibalas Afrobeat

Nattjazz har starta, og det var kanskje like greit for ute er det svært grått og trist for å vere mai i Bergen. Av andre nyhende kan det nemnast at eg no snart har nok utstyr til eit lite portabelt fotostudio, så det er berre å stille som modell ein av desse dagane. Åja, gårsdagens nattjazzhøgdepunkt var nok blåserekka til Antibalas Afrobeat, trompetisten var ein tynn Borat-kopi på 2,10 med særs frekke dansemoves.

(Oppdatering: Eg lova å poste eit Borat-bilete, og her er det)

borat2-1.jpg


Rakettvitskap — Arild @ 24. mai, 2007

2 innspel »

  1. Dette må vere ein av dei mest sjarmerande bloggande eg har kome over. Etter å ha søkt over noke så sært som «skeinebrett», peika Google meg i retning av paraplyen hass Arild. Når folk legg ut bilete på verdsveven mistenkjer eg dei oftast for å vere flinkare med foto enn skrivekunsten. Men du skriv jo knakande bra óg. Beit meg fast allereie ved overskrifta «Lang dags ferd mot fnatt» og «Berre velstand / berre Vestland». Skulle jo ringt deg når eg fortvilar over dårlege bilete eg tar til frilans-skriveoppdrag. Du er med dette innlemma i lenklista.

    Innspel by janne — 25/5/2007 @ 1:40
  2. Takk, takk og atter takk! Kjekt du likte bloggen, tenkte ta meg ein tur over til din no – før eg må ut att i sola :-)

    Innspel by A. — 29/5/2007 @ 15:01

RSS-nyheitsstraum med innspel til dette innlegget. TrackBack URI

Legg att eit innspel







Lang dags ferdt mot fnatt © 2004 - 2011.
(c) 2012 Lang dags ferd mot fnatt | powered by WordPress with Barecity