schistadidrett.jpg
Skansen, etter trampolinehopping

Dagen har blitt brukt til å sitje i oransj overlevingsdrakt på helikopterbasen på Flesland, så har ein gjort det òg. Gårsdagens jazznatt var svært oppbyggjeleg, med R. Hovland & C. Henderson.


Rakettvitskap — Arild @ 31. mai, 2007






Slagverk & Øyreverk / praktverk & makkverk

blitzvegg-1.jpg
M. & S. – på veg heim frå kveldens nattjazz, utsette for mine nyerverva blitztriks

Nattjazzen rullar vidare, kom nett heim etter den sjette jazznatta. Eg har følelsen av at programmet var betre i fjor, litt jamnare kan hende – men opplevinga mi i år blir nok òg farga av mine betente bihuler, verkande øyre og såre hals. Eg drikk liter på liter med honningmjølk, går med skjerf, held meg unna fyll og spetakkel – men frisk blir eg ikkje. I morgon skal eg teste ut hue og urtete. Attende til jazznettene – det har vore ein del kvalitetstromming og i går var det sjelfulllt og fint med Sharon Jones & the Dap Kings, det ordnar seg nok i år òg.


Rakettvitskap — Arild @ 29. mai, 2007






Ein Borat-kopi på 2,10

antibalas-1.jpg
Antibalas Afrobeat

Nattjazz har starta, og det var kanskje like greit for ute er det svært grått og trist for å vere mai i Bergen. Av andre nyhende kan det nemnast at eg no snart har nok utstyr til eit lite portabelt fotostudio, så det er berre å stille som modell ein av desse dagane. Åja, gårsdagens nattjazzhøgdepunkt var nok blåserekka til Antibalas Afrobeat, trompetisten var ein tynn Borat-kopi på 2,10 med særs frekke dansemoves.

(Oppdatering: Eg lova å poste eit Borat-bilete, og her er det)
(meir …)


Rakettvitskap — Arild @ 24. mai, 2007






irene-1.jpg
I


Rakettvitskap — Arild @ 16. mai, 2007






sotrasommel-1.jpg
Vi gjekk i land på ein knaus, der to villsauar rådde grunnen


Rakettvitskap — Arild @ 14. mai, 2007






Neste side »
Lang dags ferdt mot fnatt © 2004 - 2011.
(c) 2012 Lang dags ferd mot fnatt | powered by WordPress with Barecity