Påskeferie, første dag

I pappa si gamle Kandahar boblejakke
Etter ein heil dag med påskeferie er det på tide å gjere opp status. Eg har kome meg heilt til Os, tatt del i det uendelege hagearbeidet (raka tre mål så langt, medan vi høyrte på Elton John), ete heimelaga kompar, grovbrød, horn og pizza, rodd ein lang tur, sett to niser(!), prøvd å fiske niser (dei er visstnok freda), sunge ein del (samt dansa bittelitt), ramla i båten (og landa på fiskekrokane) samt lese ei heil rad aviser. All denne avslappinga krev sin mann. I morgon har eg planar om å rekke ein rotur på eit par timar, litt krokett og vinglehyse før eg tenkjer å runde av Os-opphaldet med påskelam-middagen før turen går til Sandane og Utvikfjellet.
Ja, det ser ut som den gamle knarken kosar seg i fineveiret! Framleis god påske frå oss her nord!
Godt at du fekk innfridd ynskjet om både kompar og pizza på ein kveld! Framleis god Sandane påske, det er jo den beste staden!