Ingen ventar den spanske rekvisitøren
Skrive av Arild den 11. mars 2007

Rekvisitør K. gjer klar for fotostjerne S.
Eg har vore innom høgskulestudioet eit par dagar no, først for å ta bilete av den kjekke psykologirevytruppen, og så for å ta bilete av Synne m/føresette. Det er alltid kjekt å ta bilete, men studiofotografering er hardare jobbing enn ein skulle tru (av ein eller annan grunn ender eg alltid opp med å liggje langflat oppetter ein vegg medan eg prøver å få alt til å klaffe og klikke samstundes).
Av eldre nyhende kan det nemnast av dei har starta opp produksjonen av Lomo i Kina, etter at dei la ned i Russland for nokre år sidan, i tillegg har dei “forbetra” bittelitt ved å utvide til lysmåling ved ISO 1600 - det hadde vore noko å ha i gamle dagar! Fekk brått lyst til å skaffe meg noko obskur russisk mellomformatsoptikk til kameraet mitt, har du noko liggjande så send det min veg.
Skriv ein kommentar