Påskeferie, første dag

naustearild-1.jpg
I pappa si gamle Kandahar boblejakke

Etter ein heil dag med påskeferie er det på tide å gjere opp status. Eg har kome meg heilt til Os, tatt del i det uendelege hagearbeidet (raka tre mål så langt, medan vi høyrte på Elton John), ete heimelaga kompar, grovbrød, horn og pizza, rodd ein lang tur, sett to niser(!), prøvd å fiske niser (dei er visstnok freda), sunge ein del (samt dansa bittelitt), ramla i båten (og landa på fiskekrokane) samt lese ei heil rad aviser. All denne avslappinga krev sin mann. I morgon har eg planar om å rekke ein rotur på eit par timar, litt krokett og vinglehyse før eg tenkjer å runde av Os-opphaldet med påskelam-middagen før turen går til Sandane og Utvikfjellet.


Rakettvitskap — Arild @ 31. mars, 2007






Drypp

synnekvitsvart-1.jpgS.


Rakettvitskap — Arild @ 19. mars, 2007






Ikkje at eg eigentleg har snøring, men eg har no lest meg litt opp i kveld. Her er ein fin-fin artikkel om Roger Federer frå NYT.


Rakettvitskap — Arild @ 15. mars, 2007






Trøytt og svolten

synnestudiomonokrom-2.jpg
Ikkje greit

Joda, det kjem gladare bilete seinare, men først desse.

(meir …)


Rakettvitskap — Arild @ 12. mars, 2007






Ingen ventar den spanske rekvisitøren

kennethstudiobamse-1.jpg
Rekvisitør K. gjer klar for fotostjerne S.

Eg har vore innom høgskulestudioet eit par dagar no, først for å ta bilete av den kjekke psykologirevytruppen, og så for å ta bilete av Synne m/føresette. Det er alltid kjekt å ta bilete, men studiofotografering er hardare jobbing enn ein skulle tru (av ein eller annan grunn ender eg alltid opp med å liggje langflat oppetter ein vegg medan eg prøver å få alt til å klaffe og klikke samstundes).

Av eldre nyhende kan det nemnast av dei har starta opp produksjonen av Lomo i Kina, etter at dei la ned i Russland for nokre år sidan, i tillegg har dei «forbetra» bittelitt ved å utvide til lysmåling ved ISO 1600 – det hadde vore noko å ha i gamle dagar! Fekk brått lyst til å skaffe meg noko obskur russisk mellomformatsoptikk til kameraet mitt, har du noko liggjande så send det min veg.


Rakettvitskap — Arild @ 11. mars, 2007






Neste side »
Lang dags ferdt mot fnatt © 2004 - 2011.
(c) 2012 Lang dags ferd mot fnatt | powered by WordPress with Barecity