Lysbileteshow
[kml_flashembed movie="http://arild.paraply.org/wp-content/uploads/2007/publish_to_web/soundslider.swf" height="563" width="700" /](om du har flash installert og høgtalarar kobla til vil du få sjå og høyre jula nullseks, trykk på play!)
Eg tok nokre bilete dei fem-seks juledagane eg var på Os, i kveld leika eg meg litt med flash-videoar og dette vart resultatet, blir det for voldsomt? (Det er B. W. som speler «det hev ei rose sprunge», om du lurte)
Eg likar veldig godt. Spesielt bilete som syner familien i fin gange rundt treet, sett utanfrå og inn. Bra med musikk også. Dette var fint!
Flott. Teknisk og flott. Men kvar er fargane? (eg såg at det var mørkt på dei bileta her om dagen, joda) Og er det ikkje snart på tide å kvitte seg litt med denne delen under her som gjev deg alle detaljar i tjukk skrift?
Åh, ikkje høyr på dei, Arild, dette stinka!
Steminigsfullt!!! Meget bra!
taase
Syns det var ei fin fin framsyning av juletider i heimen! Og drit i fargane, gråtonar er klart ein sikker vinnar. Beit meg også merke i at denne familien, som mange andre, ser særs seriøse ut når dei går rundt julatreet, noko som egentlig er ein ganske vittig ting. Anbefaler at dåke tar den der «Reven raskar over risen» neste år, om det er det den heitte. Ein oppleggar til blinkskudd..:) Elles bra:)
(sein kommentar, men har jo nett oppdaga dei)
Såg facebook-kommentaren, lurte på om du ikkje hadde oppdaga originalkjelda. Det er ein god del smiling og fnising rundt juletreet – ein må berre leite etter det. Er det slik at du skal kommentere alle innlegga?