Snø i Bergen
Skrive av Arild den 23. januar 2007

Pavestolen
Frå her eg sit kan eg sjå utover Bergen, eg ser kvite hustak, rim på rutene og flomlyset som lyser opp alt det kvite utanfor Johanneskyrkja. Før det mørkna kunne eg høyre akebretta til dei mest optimistiske ungane skrape mot brusteinen i bakken utanfor. Om ikkje lenge kjem kong Vinter sin onde tvillingbror, Prins Slaps, òg på vitjing - men fram til det har vi det fint.
Skriv ein kommentar