Ubrukt

Skrive av Arild den 2. januar 2007

fyrverkeri.jpg
Fyrverkeri

Eg snudde ikkje ryggen til ein gong, eg berre blunka med augene og brått var eg inne i eit splitter nytt år! Eg er forventningsfull og kjem med draumar store som husbankhus. I tillegg til dei store draumane har eg eit heilt skatoll med smådraumar og håp, eg har så mange at eg godt kan dele nokre håp for det nye med deg:

Eg håpar du får høyre ein ny song, så fin at du smeltar, så fengjande at du dansar
Eg håpar ein framand blir ein kjenning
Eg håpar du les ei ny bok, så god at du stadig prøver prakke den på andre
Eg håpar du får høyre orda “eg skjønar akkurat kva du meiner”, og du veit det er sant
Eg håpar du ser noko ufrivillig slapstick-aktig på gata, at andre ser det same og at dåkke får ein følelse av hemmeleg brorskap
Eg håpar du får sola til å skine, berre ved å ønske det sterkt nok (i alle fall på dagtid)
Eg håpar nokon vipper deg av pinnen, og at du rødmar (kledeleg)

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

4 kommentarar til “Ubrukt”

  1. 1K.
    januar 3rd, 2007 @ 22:48

    Poetisk og fint. Håpar det nye året vert slik også for deg ;)

  2. 2Eli
    januar 4th, 2007 @ 19:43

    eg håpar året blir akkurat sånn som du skrive. pluss masse penga;)

  3. 3HF
    januar 5th, 2007 @ 0:01

    Poeten, genserstrekkaren og vestlendingen Arild byrjar det det nye året i fin stil. Må vinteren verte like velartikulert og velsmurt som vendinga.

    (Statistar og dei andre på scena bukkar)
    (Narren går ned på kne og trillar eit grønt eple bortover scenegolvet/Torgalmenningen)
    (Sola kjem fram frå ei sky)

    Arild: - Sweet!
    Dei andre: - Ja ikkje sant!

    (Sceneteppet går att)
    (Applaus)

  4. 4Endre
    januar 5th, 2007 @ 15:06

    Ja, må året verte ovgilt og lyrisk fengjande.

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Alle gode ting er tre, men kven er best?

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv