Arkiv for januar, 2007

Lysbileteshow

onsdag, 31. januar, 2007

(om du har flash installert og høgtalarar kobla til vil du få sjå og høyre jula nullseks, trykk på play!)

Eg tok nokre bilete dei fem-seks juledagane eg var på Os, i kveld leika eg meg litt med flash-videoar og dette vart resultatet, blir det for voldsomt? (Det er B. W. som speler “det hev ei rose sprunge”, om du lurte)

Rakettvitskap | 6 kommentarar

Om det å vere ung og evnerik

sundag, 28. januar, 2007

glattkunst.jpg
Slagstøvlar er tingen!

Kom over ein artikkel i New York Magazine om gamle ungdomar: “It’s about reimagining adulthood as a period defined by promise, rather than compromise”, det blir nok første fly til NY. Apropos ungdom, eg ser at nokre psykiatarar (trur eg har jobba med ho eine) har gitt Ridvan Halimi Evnerik ungdom-diplomet: “Halimi en meget ressursrik ungdom”, vi gratulerer. Vi nytter òg høvet til å gratulere Flaktveitgjengen blandakor med femtenårsdagen, hurra!

Til slutt, ei fornærming: “I feel so miserable without you, it’s almost like having you here.”

Rakettvitskap | Ingen kommentar

Kråkeblått

fredag, 26. januar, 2007

hundrekra�ker.jpg
Kråkeslott

Rakettvitskap | Ingen kommentar

Fem kråker

torsdag, 25. januar, 2007

femkra�ker.jpg
Avslapping

Rakettvitskap | 3 kommentarar

Neste stopp: Fløien stasjon

onsdag, 24. januar, 2007

fløien stasjon.jpg
Ettermiddag på Fløien

Rakettvitskap | Ingen kommentar

Snø i Bergen

tysdag, 23. januar, 2007

musikkpaviljongen.jpg
Pavestolen

Frå her eg sit kan eg sjå utover Bergen, eg ser kvite hustak, rim på rutene og flomlyset som lyser opp alt det kvite utanfor Johanneskyrkja. Før det mørkna kunne eg høyre akebretta til dei mest optimistiske ungane skrape mot brusteinen i bakken utanfor. Om ikkje lenge kjem kong Vinter sin onde tvillingbror, Prins Slaps, òg på vitjing - men fram til det har vi det fint.

Rakettvitskap | Ingen kommentar

I`m begging, darling please!

laurdag, 20. januar, 2007


Eg såg sola i går!

Eg høyrer på gamle popsongar, les om fornærmingar og har snart dårleg tid.

“He is a self-made man and worships his creator.”
John Bright

Rakettvitskap | Ein kommentar

Nullarar og einarar

fredag, 12. januar, 2007

indiagisle.jpg
Indien: Bilete teke av Gisle

Oppdateringar:
Bror min har endeleg teke til vetet (nuvel) og lasta opp nokre bilete frå si halvårsreise i asia(lysbileteframsyning), i tillegg tek han bilete av seg sjølv, kvar dag. Hedda bloggar frå Danmark og rundtomkring, det gjer Andreas òg, medan Elin bloggar frå Ecuador. Proletaren feirar bursdag og Åsmund feirar sin tredjefødde (gratulerer, nok ein gong).

Dagens sitat: Sanneleg, sanneleg det seier eg dykk, dei nullaste skal bli dei einaste (og Arild skal snart ta til på hovudoppgåva).
Dagens lesing: Kvifor blir vi ikkje lukkelegare?

Rakettvitskap | 2 kommentarar

I det blå

torsdag, 11. januar, 2007

stuping.jpg
H., på veg mot det blå

Rakettvitskap | 2 kommentarar

Herr Trendybukse vs. Mr. Fancypants

tysdag, 9. januar, 2007

spylepappa1.jpg
.

Rakettvitskap | Comments Off

Ubrukt

tysdag, 2. januar, 2007

fyrverkeri.jpg
Fyrverkeri

Eg snudde ikkje ryggen til ein gong, eg berre blunka med augene og brått var eg inne i eit splitter nytt år! Eg er forventningsfull og kjem med draumar store som husbankhus. I tillegg til dei store draumane har eg eit heilt skatoll med smådraumar og håp, eg har så mange at eg godt kan dele nokre håp for det nye med deg:

Eg håpar du får høyre ein ny song, så fin at du smeltar, så fengjande at du dansar
Eg håpar ein framand blir ein kjenning
Eg håpar du les ei ny bok, så god at du stadig prøver prakke den på andre
Eg håpar du får høyre orda “eg skjønar akkurat kva du meiner”, og du veit det er sant
Eg håpar du ser noko ufrivillig slapstick-aktig på gata, at andre ser det same og at dåkke får ein følelse av hemmeleg brorskap
Eg håpar du får sola til å skine, berre ved å ønske det sterkt nok (i alle fall på dagtid)
Eg håpar nokon vipper deg av pinnen, og at du rødmar (kledeleg)

Rakettvitskap | 4 kommentarar

Nye kommentarar

Siste innlegg

Andre stader

Arkiv