Av sukkerspinn veks det ingenting
Skrive av Arild den 18. desember 2006

Sirkus Agora, Eikelandsosen
Eg sit heime og har juleverkstad for meg sjølv - skriv nokre korte julenotisar (for korte til å kunne kallast brev), vel ut nokre bilete som eg seinare i natt skal få skrive ut i stort format, brenn eit par plater og har i det heile tatt ein fin kveld.
Årets første juleplate blir omtrent slik:
- Belle & Sebastian - O come, O come, Emmanuel
- Aimee Mann - Have yourself a merry little Christmas
- Jussi Björling - O helga natt
- The Drifters - White Christmas
- Low - Just like Christmas
- Sufjan Stevens - Put the lights on the tree
- Aimee Mann - Calling on Mary
- Nat King Cole - Chesnuts roasting on an open fire
- Iver Kleive - Det hev ei rose sprunge
- Frank Sinatra & Bing Crosby - We wish you the merriest
Om det tek til å snø i Nordfjord i løpet av romjula håpar eg å kunne ta ein bil og køyre oppover, gjerne med denne plata i spelaren.
Skriv ein kommentar