Av sukkerspinn veks det ingenting

gamal sirkusmann.jpg
Sirkus Agora, Eikelandsosen

Eg sit heime og har juleverkstad for meg sjølv – skriv nokre korte julenotisar (for korte til å kunne kallast brev), vel ut nokre bilete som eg seinare i natt skal få skrive ut i stort format, brenn eit par plater og har i det heile tatt ein fin kveld.

Årets første juleplate blir omtrent slik:

  • Belle & Sebastian – O come, O come, Emmanuel
  • Aimee Mann – Have yourself a merry little Christmas
  • Jussi Björling – O helga natt
  • The Drifters – White Christmas
  • Low – Just like Christmas
  • Sufjan Stevens – Put the lights on the tree
  • Aimee Mann – Calling on Mary
  • Nat King Cole – Chesnuts roasting on an open fire
  • Iver Kleive – Det hev ei rose sprunge
  • Frank Sinatra & Bing Crosby – We wish you the merriest

Om det tek til å snø i Nordfjord i løpet av romjula håpar eg å kunne ta ein bil og køyre oppover, gjerne med denne plata i spelaren.


Rakettvitskap — Arild @ 18. desember, 2006






Prinsen av grasmatta

krokkettfargar1.jpg
V

Med alt eg skal rekke kjem eg til å få sju slag før jul.


Rakettvitskap — Arild @ 17. desember, 2006






Innespeidarar unite!

elivaskeromstudio.jpg
E. synes det var for mange bilete av G. difor: E.

Utprega inneveir, gitt.


Rakettvitskap — Arild @ 10. desember, 2006






Dagens: 89,-

gisleposor.jpg
Lås inn døtrene

Dagens aktivitet: Sandvolleyball.
Dagens ord: Sigvart Dagsplan (ein kalender for demente).
Dagens plate: Bettye Lavette – I´ve got my own hell to raise


Rakettvitskap — Arild @ 9. desember, 2006






O hark ye, joyful & triumphant

annemarierlend.jpg
Anne Mari & Erlend

Då har eg endeleg fått vere nisse, og det på Hotell Hordaheimen. Mellom dei obligatoriske leikane song eg (med svært godt hjelp frå gitar-Ø) White Christmas, O holy night og Santa Claus is coming to town (i crooner-versjon). Dette var nok eit eingongsforetak, som det heiter i Brønnøysundsregisteret.

No må det ryddast og kjembast, vi skal ha avslutningsfest i heimen, og gjestene kjem snart.


Rakettvitskap — Arild @ 8. desember, 2006






Neste side »
Lang dags ferdt mot fnatt © 2004 - 2011.
(c) 2012 Lang dags ferd mot fnatt | powered by WordPress with Barecity