K for krokett, konsert og kraftsalve
Skrive av Arild den 8. juni 2006

T.: Bygdeoriginal, to tap
Krokettspeling, benkesitting og boklesing. Det einaste som bør leggjast til er at eg har lese Tyl av Ragnar Hovland no (skrive under pseudonymet “Finn Tokvam og Halvor Folgerø” - ikkje dei beste av pseudonym). Boka var fin den og er allereie påprakka Peter.
Eg lova einkvan å komme opp med ei liste over nattjazzkonsertar eg sette stor pris på:
- Avishai Cohen (ukjend for meg - fabelaktig stemning!)
- The Whitest boy alive (på høgde med det beste frå utlandet)
- Torun Eriksen (gleda meg kanskje litt for mykje)
- Esbjörn Svensson Trio (fint)
- Daara J (men sjølvsagt!)
Trur elles People are machines (fire heilt kliss like karar) hadde kome seg på lista om eg berre hadde fått med meg meir av konserten deira.
Til sist:
Kraftsalve: Slik styrkeløftarar brukar før tunge løft.
ein kommentar til “K for krokett, konsert og kraftsalve”
1Triumf
juni 14th, 2006 @ 21:44
Kremt.Krokett:Utrolig hvordan objektive fakta vris og vendes på i diverse media, trass i at hovedredaktør var mentalt og fysisk tilstede på kampdagen. Ellers; god match mellom kølle og plen.Gir balanse.Kompenserer noe for en svært ubalansert undertekst.
Skriv ein kommentar