Arkiv for juni, 2006

Sjarmørskulen, 1-2-3

sundag, 25. juni, 2006

baby1.jpg
Synne, Zupperia torsdag

baby2.jpg
Øh, framleis Synne

baby3.jpg
Hat-trick!

Fire timar på babykafé, bestenotering.

Rakettvitskap | Ein kommentar

Fab five

laurdag, 24. juni, 2006

brillefamilie.jpg
Gucci, YSL, Prada, Nille, H&M

Ei solskinshistorie frå Os. Sjå bileta i all sin pikselprakt her.

Rakettvitskap | Ingen kommentar

Ro & Uro

torsdag, 22. juni, 2006

baattur eli mamma.jpg
Som ein ror i skogen får ein svar

Har hengt med familien. Ete, mykje. Har vore innom Os, Nordheimsund. Gjekk på ein smell i Oslo, som vanleg. I Bergen no, livet straks meir oversiktleg.

Rakettvitskap | 2 kommentarar

A, for alle andre - og Arild

torsdag, 15. juni, 2006

Eg har posta nokre bilete frå siste nattjazzfesten på flickr, trykk her for lé slideshow.

Elles må ein gratulere ein gjeng med folk, Eli med A på avgangseksamen frå journalisthøgskulen, Harald med 1,0 frå Berlin og A på sosialfilosofien ved UiB (for nokre søsken eg har!). Kenneth med A på avsluttande psykologeksamen og Elin + Kjetil med gode bursdagar. Eg bøyer meg i støvet.

Rakettvitskap | Ein kommentar

Anarchy in the UK / Underbitt i nordfjord

måndag, 12. juni, 2006

firkløver.jpg
Firkløver: Didrik, Tonje, Fotografen og bittelitt Kristin

Vernepliktsforvaltning vestlandet har endeleg tatt til vet og klipt krokettplenen vår, prestasjonane er framleis ujevne.

Underteikna har, i munter passiar med bror 2, funne ut at det er ein overrepresentasjon av underbitt i nordfjord. Innbitte frenologar eller anna godtfolk må vel ha noko å seie om dette? Her treng ein meir forsking!

Rakettvitskap | Ingen kommentar

K for krokett, konsert og kraftsalve

torsdag, 8. juni, 2006

krokkettering.jpg
T.: Bygdeoriginal, to tap

Krokettspeling, benkesitting og boklesing. Det einaste som bør leggjast til er at eg har lese Tyl av Ragnar Hovland no (skrive under pseudonymet “Finn Tokvam og Halvor Folgerø” - ikkje dei beste av pseudonym). Boka var fin den og er allereie påprakka Peter.

Eg lova einkvan å komme opp med ei liste over nattjazzkonsertar eg sette stor pris på:

Trur elles People are machines (fire heilt kliss like karar) hadde kome seg på lista om eg berre hadde fått med meg meir av konserten deira.

Til sist:
Kraftsalve: Slik styrkeløftarar brukar før tunge løft.

Rakettvitskap | Ein kommentar

Listen to the music

onsdag, 7. juni, 2006

daaraj.jpg
Daara J - Senegalesisk rap har vel aldri vore betre?

Ei liste over nattjazzkonsertane eg var innom.

Rakettvitskap | Ingen kommentar

Du skal høyre mykje

torsdag, 1. juni, 2006

toruneriksen.jpg
Torun Eriksen, Røkeriet i går

Nok ein nattjazzdag er over, men det kjem stadig fleire. iBooken min er full av skrale bilete - eg skal poste eit utval så fort eg får summa meg. Torun Eriksen med bande leverte ein sympatisk konsert, diverre i Røkeriet. Daara J la ikkje mykje imellom og fekk dei heilkvite tilhøyrarane til å rope på afrika og utføre sine kvite moves. Er elles heilt tom for overskrifter, kom kjempehjerne med forslag.

Rakettvitskap | Ingen kommentar

Nye kommentarar

Siste innlegg

Andre stader

Arkiv