Saman er vi dynamikk
Skrive av Arild den 27. mai 2006

Firhendig klaver - E.S.T. (Esbjörn Svensson Trio) Røkeriet torsdag
Etter tre dagar med Nattjazzjobbing har eg fått med meg litt ymse med konsertar - alt frå Gipsy Kings (bamboleo til deg òg) via Indigo Planet til Peloton. I det store og det heile har dei siste dagane vore ei einaste lang suksesshistorie - inkludert dagens viddetur (vi kom halvvegs) i kuling og motsludd. Konsertane til Bergen Big Band (med eit gamalt argentisk ektepar) og E.S.T. er vel høgdepunkta så langt (meir om BBB seinare). Molvær var ein liten nedtur i går, medan Elektro Ompaniet var nye og kjekke.
Midt oppe i alle desse gode konsertopplevingane må det likevel seiast at det beste av alt er fellesskapen med dei andre dugnadsjobbarane, ein fabelaktig gjeng! (i alle høve dei 20-40 eg har snakka med så langt). Det er heldigvis mange dagar igjen enno. Åja, eg prøvde å knipse nokre bilete, men eg får ikkje heilt dreisen på konsertfotografering - det er no litt stressande òg då.
2 kommentarar til “Saman er vi dynamikk”
1Endre
mai 28th, 2006 @ 12:43
Er heilt einig! Håpar på gromlyd når stryningen Arve Henriksen set i gong i kveld….(med håpe om plass i salen)!
2Eli
mai 28th, 2006 @ 12:44
Godt gjort å klimpre firhendig med to hender. Også av fotografen
Skriv ein kommentar