Saman er vi dynamikk

est nattjazz.jpg
Firhendig klaver – E.S.T. (Esbjörn Svensson Trio) Røkeriet torsdag

Etter tre dagar med Nattjazzjobbing har eg fått med meg litt ymse med konsertar – alt frå Gipsy Kings (bamboleo til deg òg) via Indigo Planet til Peloton. I det store og det heile har dei siste dagane vore ei einaste lang suksesshistorie – inkludert dagens viddetur (vi kom halvvegs) i kuling og motsludd. Konsertane til Bergen Big Band (med eit gamalt argentisk ektepar) og E.S.T. er vel høgdepunkta så langt (meir om BBB seinare). Molvær var ein liten nedtur i går, medan Elektro Ompaniet var nye og kjekke.

Midt oppe i alle desse gode konsertopplevingane må det likevel seiast at det beste av alt er fellesskapen med dei andre dugnadsjobbarane, ein fabelaktig gjeng! (i alle høve dei 20-40 eg har snakka med så langt). Det er heldigvis mange dagar igjen enno. Åja, eg prøvde å knipse nokre bilete, men eg får ikkje heilt dreisen på konsertfotografering – det er no litt stressande òg då.


Rakettvitskap — Arild @ 27. mai, 2006

2 innspel »

  1. Er heilt einig! Håpar på gromlyd når stryningen Arve Henriksen set i gong i kveld….(med håpe om plass i salen)!

    Innspel by Endre — 28/5/2006 @ 12:43
  2. Godt gjort å klimpre firhendig med to hender. Også av fotografen

    Innspel by Eli — 28/5/2006 @ 12:44

RSS-nyheitsstraum med innspel til dette innlegget. TrackBack URI

Legg att eit innspel







Lang dags ferdt mot fnatt © 2004 - 2011.
(c) 2012 Lang dags ferd mot fnatt | powered by WordPress with Barecity