Helg i solnedgang
Skrive av Arild den 16. mai 2006

Peter, han masa seg til at dette biletet vart posta - heilt sant
Ein fin dag for nerdar av alle slag. Eg har endeleg fått kjøpt kamera + standardzoom + blitz og sånt til Katarsis, flickr har fått ny og stiligare utsjånad, Google har presentert Notebook og våre vener i Apple har lansert Macbook (arvtakaren til iBook, må nok skaffe meg ein slik).
For å vege opp for nerdinga: På laurdag skal eg etter planen leie ein viddetur for alle studentane ved fakultetet - berre så nitrist at det nett denne helga er meld sludd, fem grader, oppoverbakke og motvind med kuling i kasta.
ein kommentar til “Helg i solnedgang”
1K.
mai 18th, 2006 @ 17:51
Kven let seg ikkje friste av denne karen? Ingen? Eg forstår det verkeleg ikkje….
Skriv ein kommentar