Eg er ein soul-mann, tudu-tudu, tudu-tudu

Skrive av Arild den 1. mai 2006

rhodesmannen.jpg
Dwele sin mann på Rhodes, og rasta

Helga har vore særs gild. Fredagen gjekk med til å vere fotograf (i lag med den dynamiske duo Didrik & Elin) på avslutningsballet til ingeniørstudentane. Ballet var på Grand, god stemning - spesielt då Blæst spelte. Vi tok ei lass med bilete, eg skal prøve å få posta meir om dette seinare. Åja, vi rakk ein tur innom SU-festen på Vamooze òg, slik forvaltar den postmoderne mannen tida si - og seg sjølv - best, under krysspresset frå marknadsliberalismen og individualiseringstvangen. Øh, det var ikkje nett dette eg ville formidle. Okke som, laurdagen kom, og det var tid for konsert på Verftet (Bergenfest, må vite). Først, Noelle, etterfølgd av J*Dawey, Dwele (flott!) & Kardinal Offishall - tok ein del bilete (kun med 35mm, så eg måtte relativt nært) - skal sjå om ikkje det blir posta litt bilete her og der.

Etter ein svært lang kveld med konsertar var det berre å lade opp til dei to konsertane på sundag, først Cesária Èvora i Grieghallen og så Bajofondo Tango Club (Banjomongo trekkspelklubb blant vener) på Ole Bull. Gode greier alt ihop. Pussig nok tok eg enno fleire bilete, dei dukkar nok opp ein plass.

For dei nettutfordra kan eg opplyse om at eg i større grad føler for å poste bileta mine på flickr, slikt skjer.

Ta-med-heim-meldinga er at helga var fyllt med fine foto- og konsertopplevingar, gode ting!

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Alle gode ting er tre, men kven er best?

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv