Tanz und musik

idakonsert.jpg
I. enjoyar Saluzzi/Bergalli + Bergen Big Band – eit av høgdepunkta så langt

Meir Nattjazz, lite festspel, ein god del regn. Ein kommentar om mannlege verdiar i BT i går finn du her.


Rakettvitskap — Arild @ 28. mai, 2006






Saman er vi dynamikk

est nattjazz.jpg
Firhendig klaver – E.S.T. (Esbjörn Svensson Trio) Røkeriet torsdag

Etter tre dagar med Nattjazzjobbing har eg fått med meg litt ymse med konsertar – alt frå Gipsy Kings (bamboleo til deg òg) via Indigo Planet til Peloton. I det store og det heile har dei siste dagane vore ei einaste lang suksesshistorie – inkludert dagens viddetur (vi kom halvvegs) i kuling og motsludd. Konsertane til Bergen Big Band (med eit gamalt argentisk ektepar) og E.S.T. er vel høgdepunkta så langt (meir om BBB seinare). Molvær var ein liten nedtur i går, medan Elektro Ompaniet var nye og kjekke.

Midt oppe i alle desse gode konsertopplevingane må det likevel seiast at det beste av alt er fellesskapen med dei andre dugnadsjobbarane, ein fabelaktig gjeng! (i alle høve dei 20-40 eg har snakka med så langt). Det er heldigvis mange dagar igjen enno. Åja, eg prøvde å knipse nokre bilete, men eg får ikkje heilt dreisen på konsertfotografering – det er no litt stressande òg då.


Rakettvitskap — Arild @ 27. mai, 2006






Ing. Knut Berg

treparkkunst.jpg
Kunstutstilling i parken, brukt til vinglehysegolfbane av oss

Ser fram til Esbjörn Svensson Trio (EST) på nattjazzen i kveld. Har lært meg å knyte slips, knutetype enkel Windsor.


Rakettvitskap — Arild @ 25. mai, 2006






Den store barnedåpen

synnedaap.jpg
Den glade dåpstrupp, Landås kyrkje, sundag

Synne vart døypt på sundag, og eg fekk vere fadder. Stor stas! Skal prøve å følgje opp som best eg kan. Takk til Kenneth & Beate med respektive familiar for ein staseleg dåp. (for dei som ikkje lurte, eg var flink og tok nesten ikkje bilete i det heile, det var det så mange andre som gjorde).


Rakettvitskap — Arild @ 23. mai, 2006






Blitzkrieg bop

synnekenneth2.jpg

Synne & Kenneth – ikkje nett The Ramones

Syttande mai, tapasfest, gode ting. Tuslar rundt med ein diger blitz, til plage for kjende og kjære og til stor glede for underteikna. Kan hende det er for seint å lære seg å spele piano?


Rakettvitskap — Arild @ 18. mai, 2006






Neste side »
This work is licensed under a Creative Commons Attribution-Noncommercial-Share Alike 3.0 Unported License.
(c) 2010 Lang dags ferd mot fnatt | powered by WordPress with Barecity