Mr. Fancypants vs. Herr Trendybukse
Skrive av Arild den 11. april 2006

Eit skilt eg fekk laga om vindforholda på Utviken
Ein befinn seg relativt plutseleg på Sandane, påskehovudstaden. Veiret er diverre ikkje heilt der det skulle ha vore, men det er framleis tidleg. Mykje tid går med til eting av god mat, medan ein høyrer ein onkel eller to fortelje ei sjølvopplevd røvarhistorie - alt etter planen.
Trass mykje trekk og motbakke har eg og bror 2 fått eit par turar på Utvikfjellet, då bror 2 berre tok med ei av totalt to av mine ski, måtte eg låne pappa sine. Eg har med andre ord fått meg to skiturar på eit par Splitkein treski frå 1971, eg kan melde om godt feste, mykje klabb og heller laber gli.
2 kommentarar til “Mr. Fancypants vs. Herr Trendybukse”
1H
april 11th, 2006 @ 22:11
Er det årgangssmurning du går på? Eller har du klaska på noko nytt? I so fall kan eg nemne at lilla er den nye universalsmurninga her i huset. Har funka på mykje rar snø. Men no er det ikkje så mykje snø att. Det har vel ikkje vore så lite snø her nord nokon vinter sidan alle kontinenta var samla.
Men du høyrer ikkje meg klage.
2Arild
april 11th, 2006 @ 22:36
Splitkein-skia har ikkje sett snurten av smurning sidan åttitalet. Treet er meir eller mindre metta med klister, nett slik det skal vere. Kan melde om lite, men svært kald snø på Utvikfjellet - satsar på at det blir påskeslush før helga er omme.
Skriv ein kommentar