Eg har fått undersøkt hovudet mitt
Skrive av Arild den 6. april 2006

Betre enn kinderegg - mann, kafé, fotograf, kyrkje
Eg har tatt CT (computertomography) av hovudet - om eit par veker får eg vite om eg er ordinært eller ekstraordinært tett i skallen - eg held ikkje nett pusten i mellomtida. Det blir påske neste veke, vonleg med ein del skiturar på Utvikfjellet - du er velkomen til å joine Eikenæsarane der. Tradisjonen tru ladar eg opp med eit par fotobøker eg har fått sjuska til meg, Robert Frank si klassiske “The Americans” og René Burri si svært omfangsrike “Photographs” (frå favorittforlaget Phaidon!) - eg ser mest fram til sistnevnte. Til slutt, eg ser om att Wong Kar Wai sin feiande flott fotograferte film “In the mood for love” - nydeleg!
ein kommentar til “Eg har fått undersøkt hovudet mitt”
1Le Proletare
april 11th, 2006 @ 19:14
Ah, det er godt du svir av litt gryn på photographisk litteratur.
Til desse bøkene trur eg at ein god tawny portvin vil passe bra. Prøv til dømes Warre’s Otima 10 years old som kjem i hendig 50 cl-flaske. Dersom dette vert for rundt og fatprega, kan du vurdere ein syrefresk riesling. Noko frå Mosel, kanskje.Loosen Graacher Himmelreich Riesling Kabinett 2004 er fin, men om du er i dårleg humør er det vel heller Künstler Hochenheimer Hölle Riesling Kabinett Trocken 2004, du skal prøve. Den må nok diverre tingast, men det skal ikkje ta så inni helvete lang tid.
Skriv ein kommentar