Gaffel i brødristaren

teksttv.jpg
Pappa, smått isolert i påska, prøver å få med seg siste nytt frå tekst-TV

Til sommaren blir det nok dongeribukse og kvite sko på meg òg.


Rakettvitskap — Arild @ 22. april, 2006






Alt kan tolkast

Ting ein  gjer i Thailand:

Seie Sa- was- dee- ka til alle heile tida, altså hei enkelt og greit

Smilar til alle ein ser og ikkje ser. Det verste ein kan oppleve er å bli oppfatta som sur eller grinete. Verkeleg det aller verste. Eg har prøvd og vart regelrett ledd ut av seks resepsjonistar

Et middag til frukost. Alt går i grisen, og ris går til absolutt alle måltid utan unntak

Et annanas så det tyt ut øyra

Ventar på neste regnbyge

Blir skikkeleg dårleg i engelsk sidan alt går i; oki, you want skirt, oki, i give good price only for you oki, no, no, no come, i Show and you buy oki. Very good oki. You want dvd too? Kvifor bruke tid på alle orda som eigentleg ikkje har noko å seie?

Et mykje chili, utan å ha bestilt det

avviser alle, og det er mange, som gjerne vil ha ein kjærast; you give boyfriend oki? i need white boyfriend!

får vener som ein nødvendigvis ikkje skjønar så mykje av kva seier, men som like hjarteleg tek deg i handa når du kjem


Rakettvitskap — Eli @ 21. april, 2006






Ting ein gjer i påska

tanteting.jpg
tante, tanteborn, luskande onkel

Eg har fått ei bok eg trur er flott, Henri Cartier-Bresson – The man, the image, the world (om ikkje dét er ein pretensiøs tittel, så veit vel ikkje eg). Trur elles eg noko motvilleg nærmar meg vaksenlivet – all den tid eg har brukt dagen til kursing med Anthony Bateman på SAS-hotellet. No skal eg høyre på World music, ikkje sei det til nokon.


Rakettvitskap — Arild @ 20. april, 2006






Sjokolade/Hallois

haakonsjokolade.jpg
Haakon: etar av sjokolade – lagar av hallois

Ei kort liste over nye paraplybloggar:

No: Jobb + Os.


Rakettvitskap — Arild @ 15. april, 2006






Strikkpropellfly

aasmundhjorundfly.jpg
Åsmund & Hjørund – etter ein lang dag med flyging

Eit lite notat om påska, slik at eg kan seinare kan finne ut korleis det var.
Sentrale opphaldsstader: Sandane, Bergen, Os. Dagar på Utvikfjellet: Tre. Dagar med liten kuling på Utvikfjellet: Tre. Turar til Varden: Ingen. Eting, slektstreff og synging av påskesongar akkompangert av bongotrommer: Sjølvsagt! Ekstravakter på psykiatrisk: To. Sitting i Eikenæsgropa: Ein gong, ti minutt.

Til neste påske: Skaffe skisko som ikkje er direkte ukomfortable, stavar som er fleire meter lange og ja, kanskje litt klister.


Rakettvitskap — Arild @ 14. april, 2006






Neste side »
Lang dags ferdt mot fnatt © 2004 - 2011.
(c) 2012 Lang dags ferd mot fnatt | powered by WordPress with Barecity