Pink Freud

Pia, Henrik & litt Ellen
Tenkte berre eg skulle poste eit tilfeldig utval bilete frå gårsdagens premiere på psykologirevyen. Det var som alltid kjekt å sjå på, og som vanleg får eg litt lyst til å vere med. I alle høve, bileta er ikkje mykje å skrive heim om – relativt marginale lysforhold kan ein vel seie. Diverre vart det svært mørkt under danseinnslaga, som stort sett var imponerande. Eg trur det framleis er mogleg å få billettar, så veit du det.

Kari eller Maria – ikkje godt å seie kven
Trykk for fleire bilete









Hmm.. dette må vere fyrste gong eg ser Spøkelseskladden sidan seint på åttitalet. Og han har fått med broren sin også, ser eg.
Dette var svære greier. Ser ut som gjengen har øva og det er jo fint. Veit ikkje om du har fått mailen min, men alt bra her i tre tusen grader med japanske danseband og hotell som Lost in translation. du skulle vore her bror 1, eg seie ikkje meir. Men eg skal ta mange bilder;)