Døy stafylokokkar, døy!

Skrive av Arild den 26. mars 2006

trappeskugge.jpg
Til forelesing! Til forelesing!

Det er vel ikkje nett nokon statsløyndom at eg er relativt tom i skallen, no har ei gruppe gule stafylokokkar utnytta dette til fulle og meir eller mindre permanent flytta inn i biholene mine - flott i brus! Det hender vel andre ting òg. I går var det mellom anna tid for Lizz Wright-konsert på Sardinen, for ei stemme! (og for ein lyd!). I dag var det tid for fjelltur i byfjella med S., K., & H. - vi laga graut og aka på rema-pose, gode greier.

Eg har kanskje tøysa litt med bloggen i det siste, eg vil så gjerne klare å kombinere fotobloggen med tekstbloggen, men det ser aldri bra ut i praksis. Eg har difor starta opp at fotobloggen min - ein liten versjon av det nyaste biletet blir å finne oppe i høgre hjørnet på denne bloggen. Det kan elles vere ein idè å sjekke ut arkivet.

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

ein kommentar til “Døy stafylokokkar, døy!”

  1. 1Eli
    mars 28th, 2006 @ 20:37

    No kan eg endeleg vere ein del av denne familien att. Det var på tide. Men eg skjønar ikkje kvifor adressa ikkje har fungert før no. Synes det fungerer veldig bra med fotobloggbilde øvst til høgre. Du er flink, så flink så. Eg er stolt, så stolt så. Og littebittelitt, og kanskje litt masse misunneleg på deg. Der fekk du den!

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Piker, vin, eller sang?

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv