Studiolainen

Skrive av Arild den 4. mars 2006


Elin & Endre - no òg i sRGB!

På sundag sa eg ja til å ta nokre bilete til psykologirevyen - i studioet til studentfotoklubben - som eg aldri hadde sett. På tysdag fekk eg lokka med meg Elin (som har litt greie på slikt) og Endre (som er like entusiatisk som underteikna) bort til høgskulen der studioutstyret stod nedpakka. Vi fann ut at dei hadde to studioblitzar med tilhøyrande paraplyar, eit par-tre rullar med saumlause bakgrunnar og ein slik festleg målar av innfallande lys (med blitz-uttak). Utan snøring på korleis ting skulle setjast opp eller stillast inn fekk vi no alt til å fyre på likt, sjølvsagt ikkje feilfritt, men vi kunne no kjenne att dei vi tok bilete av.


Endre med potetnaseobjektivet

I alle høve var det fint vi fekk det til, for onsdagen kom heile revybanden innom for å bli tatt bilete av - men det er ei anna historie.

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

ein kommentar til “Studiolainen”

  1. 1håvard f
    mars 5th, 2006 @ 10:18

    Ikkje verst dette.

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Piker, vin, eller sang?

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv