
Pia, Henrik & litt Ellen
Tenkte berre eg skulle poste eit tilfeldig utval bilete frå gårsdagens premiere på psykologirevyen. Det var som alltid kjekt å sjå på, og som vanleg får eg litt lyst til å vere med. I alle høve, bileta er ikkje mykje å skrive heim om – relativt marginale lysforhold kan ein vel seie. Diverre vart det svært mørkt under danseinnslaga, som stort sett var imponerande. Eg trur det framleis er mogleg å få billettar, så veit du det.

Kari eller Maria – ikkje godt å seie kven
Trykk for fleire bilete
(meir …)

Til forelesing! Til forelesing!
Det er vel ikkje nett nokon statsløyndom at eg er relativt tom i skallen, no har ei gruppe gule stafylokokkar utnytta dette til fulle og meir eller mindre permanent flytta inn i biholene mine – flott i brus! Det hender vel andre ting òg. I går var det mellom anna tid for Lizz Wright-konsert på Sardinen, for ei stemme! (og for ein lyd!). I dag var det tid for fjelltur i byfjella med S., K., & H. – vi laga graut og aka på rema-pose, gode greier.
Eg har kanskje tøysa litt med bloggen i det siste, eg vil så gjerne klare å kombinere fotobloggen med tekstbloggen, men det ser aldri bra ut i praksis. Eg har difor starta opp at fotobloggen min – ein liten versjon av det nyaste biletet blir å finne oppe i høgre hjørnet på denne bloggen. Det kan elles vere ein idè å sjekke ut arkivet.

Kontrast-Jon
Høyrer på plata til Elvira, gode greier. Hadde eg berre hatt skallen med meg skulle eg fått med meg konserten som var den femtande, no kan eg angre. Det må likevel seiast – det åttande sporet (my way back in) høyres ut som ein gjennomsnittleg Grand-Prix-slager, med pumpebass og det heile.
Eg kunne hatt god lyst til å poste større bilete her, men vil ikkje lage rein fotoblogg igjen – åh, desse enorme utfordringane!
Stikk innom Boudist om du vil sjå fine konsertbilete frå nedantil (les: down under).

Martin, Åsmund, Lars & Jørgen m. fl.
På sundag var det TSN-konsert på Kvarteret. Det var kjekt å sjå igjen gutane som eg har vore leirleiar for frå dei var ca. tolv år gamle, no kjende eg dei nesten ikkje att.
(meir …)
Eg drive visst og mailar med folk eg ikkje kjenner igjen. Kanskje ikkje så bra.
Gjeremål før ein reiser til 46 grader:
-snakke med folk som ikkje snakkar norsk eller engelsk
-maile med folk eg ikkje kjenner
- avtale møte med menn i 40-åra som eg vertfall ikkje kjenner
- tygge nicorette
- skrive dårlege reportasjar
- intervjue folk utan eigentleg ha noko engasjement for dei
Shjalabais og chok-dee