Du milde pekingneser

Eili
Bror nr. II er vel heime frå Berlin, flott, flott! Bror nr. I (obligatorisk Seinfeld-referanse) har fått tak i ein slik feiande flott fotoskrivar! I skrivande stund driv ein med testprinting – er mjukt imponert over kvaliteten. I mine auge overgår det glatt mitt eige mørkeromsarbeid, utan at det er spesielt oppklarande. Eg har elles klart å rote meg inn i styret til ein slik studentfotoklubb, er enno ikkje heilt sikker på korleis det gjekk til, så vidt eg har skjøna er denne banden knallharde analogistar (aka filmfanatikarar), kan hende eg ikkje klarar å halde meg unna eg heller (ah, lukta av frisk Rodinal om morgonen…).
Nuvel, ein sit no ikkje berre inne med eit lass bilete – ein høyrer no på musikk òg:
- Luther Ingram – If loving you is wrong (I don´t want to be right)
- The O´Jays – Love train
- Luther Vandross – A house is not a home
Om den spelelista er det berre ein ting å seie: Aiai.
Du har ein interessant fotoside… men bilda dine er forferdeleg gråe! Ja, for ein gamal photshop-junkie som meg er det nesten vondt å sjå på!
For det første kan du nok vere hissigare på kurvar/nivå kontrollane.
For det andre legg du ut bilda dine i Adobe RGB fargerommet. IE er berre kjend med sRGB, og reduserar automatisk kontrasten på ARGB filer med 20% vs. det du ser i Photshop! Trykk Edit-> Convert to profile -> sRGB før du legg ut MAO.
Elles har eg ikkje noko å utsetje!
Takkar for gode innspel Dag! Eg skal teste ut sRGB neste gong. Eg har ikkje IE på maskina, veit du om det ser annleis ut der enn i Safari/Firefox som eg nytter?
Eg kan alltids prøve meg på fleire justeringar. Prøver å sleppe billegast mogleg unna i Photoshop (testar ut Adobe Lightroom no).
Om du besøker sida igjen så kan du godt seie om du ser noko endring..
A.
Til dei med internet explorer: Sjå innom her: http://arild.paraply.org/test/ Kan du sjå nokon skilnad på dei to bileta? Eg ser ingenting i Safari eller i Firefox på Mac – kan hende eg ikkje leiter godt nok? (iBook-skjermen er ikkje all verda).
Ja, eg ser ein rimeleg stor forskjell på min kalibrerte 22″!
Men, eg kom på; sist eg heldt på med mac (ca OS9) trur eg macen sjølv ordna med fargerom osb i alle programma ein køyrte…
I Windows er det noko annaleis; fargestyringa får «hjelp» av XP, men kvart enkelt program må nytte seg av denne støtta på eiga hand (som Photoshop t.d. gjer).
Såleis ser sida di lik ut, same om eg nyttar Firefox eller IE…