Om eg var ein rik mann…
Skrive av Eli den 23. februar 2006
…og slik går no dagane. Jammen santen skal vi ikkje ha eksamen igjen gitt. Denne gongen berre på ei veke basert på veke med undevisning. Kva kan eg seie?
Men eg held på å lage liste over alle ting ein kan bli når ein vert stor;
-Journalist fordi det kan eg klare
-lærar fordi det er noko som alle som ikkje heilt veit kva dei skal bli seier
-ein som gjer kjekke ting for andre
-flyvertinne om eg får overnatte i store byar ute i verda
- fotograf fordi det kan av og til sjå kjekkare ut enn å skrive og om eg kunne ta bilete
-ein som gjer kjekke ting på jobben
Som det kjem tydeleg fram av lista er det mykje å ta tak i, det siste punktet trur eg veldig på. Men innspel er ikkje dumt, så komanigjenndå!
Elles har eg vore på mitt første tupperweare (er det slik det skrivast?) party i dag med tante Eli-D som sjef. Det vart veldig moro, også fekk eg veldig gode scones på slutten.
2 kommentarar til “Om eg var ein rik mann…”
1Arild
februar 23rd, 2006 @ 23:21
Om eg no skal vere ærleg må eg nok seie at eg ikkje har fanari om kva du bør/vil/må/kan bli - om du treng bli så mykje i det heile. Det er kul i havet å komme med råd om slikt. Som innehavar av mykje utdanning er eg programforplikta til å slå eit slag for slikt - men det kan fort bli ei sovepute (har eg høyrt..).
Så lenge du held deg unna tupperware vil det nok gå deg godt - og du vil få leve lenge i landet.
2Gisle
februar 24th, 2006 @ 13:17
Okei, sia eg og harald er saa snille med storesoskena, saa skal vi komme med svaret. Vi har lenge drive aa ponska ut eit konsept som har mykje med bilderammeri, og kaffiselging aa gjere (om eg ikkje hugsar feil hadde E og H ein halvferdig plan som Kaffiskjenkjaranje) Vi slaar paa stortromma og kjoper det huset A masar om, startar fotohus og kaffibar. Kva seier dykk? Planen er jo heilstoypt. Rett og slett.
Skriv ein kommentar