Oh, Emmylou
Skrive av Arild den 4. februar 2006

Var det mor di eg såg i Førde?
Nick Hornby, Ryan Adams, Dave Eggers & Emmylou Harris - dei er alle her. Til liks med alle andre rettruande er eg svært svak for vokalharmoniar i popmusikken. Eg meiner bestemt at Ryan Adams hadde eit av sine lysare augneblink då han skreiv “Oh my sweet Carolina” - kun overgått av seg sjølv då han fekk Emmylou Harris til å leggje harmoniar på - stort vakrare blir det nok ikkje. På mi endelause leiting etter vakrare koring kom eg over ein tekst på nettstaden til Dave Eggers (”A heartbreaking work of staggering genius” - som jo var ei fin bok) der Nick Hornby skriv om nett “Oh my sweet Carolina”. Denne teksten kom diverre ikkje med i den småfine boka (for oss som liker popmusikk) 31 Sanger - truleg då boktittelen allereie var bestemt.
Med andre ord: Hornby, hjå Eggers, om Adams & Harris.
3 kommentarar til “Oh, Emmylou”
1hg
februar 22nd, 2006 @ 18:45
Kva med Ann Jane frå The Jayhawks si Tomorrow the green grass eller She frå Gram Parsons på G.P.? Emmylou har ein finger med på sistnemnde, trur eg.
2Arild
februar 23rd, 2006 @ 23:15
Eg har enno til gode å høyre noko som helst av Gram Parsons, men etter å ha høyrt Ann Jane ein gong held eg framleis ein knapp “Oh my sweet” osb..
Treng ny musikk, no.
3hg
mars 7th, 2006 @ 13:16
Ein gong er sjølvsagt alt for lite. Høyr på Gram Parsons, då. “Sitt ikke i dusjen og tøv.”
Skriv ein kommentar