
Synne, 1 dag – Kenneth, 26 år
Gode greier dåkke! Kenneth og Beate vart foreldre i går, alt gjekk flott og alle er glade og slitne. Eg, Kjetil, Ragnhild og Ping Pong masa oss til eit besøk allereie i dag. Det var stort å få halde Synne, eg gjer det gjerne igjen.
Mjuke fakta: Fødselsdag: 25. februar. Vekt: 3,7 kg. Lengde: 49 cm.
Gratulerer til heile familien!
(trykk for å sjå fleire bilete)
(meir…)

Eili
Bror nr. II er vel heime frå Berlin, flott, flott! Bror nr. I (obligatorisk Seinfeld-referanse) har fått tak i ein slik feiande flott fotoskrivar! I skrivande stund driv ein med testprinting – er mjukt imponert over kvaliteten. I mine auge overgår det glatt mitt eige mørkeromsarbeid, utan at det er spesielt oppklarande. Eg har elles klart å rote meg inn i styret til ein slik studentfotoklubb, er enno ikkje heilt sikker på korleis det gjekk til, så vidt eg har skjøna er denne banden knallharde analogistar (aka filmfanatikarar), kan hende eg ikkje klarar å halde meg unna eg heller (ah, lukta av frisk Rodinal om morgonen…).
Nuvel, ein sit no ikkje berre inne med eit lass bilete – ein høyrer no på musikk òg:
- Luther Ingram – If loving you is wrong (I don´t want to be right)
- The O´Jays – Love train
- Luther Vandross – A house is not a home
Om den spelelista er det berre ein ting å seie: Aiai.
…og slik går no dagane. Jammen santen skal vi ikkje ha eksamen igjen gitt. Denne gongen berre på ei veke basert på veke med undevisning. Kva kan eg seie?
Men eg held på å lage liste over alle ting ein kan bli når ein vert stor;
-Journalist fordi det kan eg klare
-lærar fordi det er noko som alle som ikkje heilt veit kva dei skal bli seier
-ein som gjer kjekke ting for andre
-flyvertinne om eg får overnatte i store byar ute i verda
- fotograf fordi det kan av og til sjå kjekkare ut enn å skrive og om eg kunne ta bilete
-ein som gjer kjekke ting på jobben
Som det kjem tydeleg fram av lista er det mykje å ta tak i, det siste punktet trur eg veldig på. Men innspel er ikkje dumt, så komanigjenndå!
Elles har eg vore på mitt første tupperweare (er det slik det skrivast?) party i dag med tante Eli-D som sjef. Det vart veldig moro, også fekk eg veldig gode scones på slutten.

Eit eller anna, trur eg
Det kan tenkjast huset eg bur i skal seljast til sommaren. Om nokon føler for å spleise, så sei i frå.

Middag med ma + pa litt tidlegare i dag
Oppsummert:
- Har kjøpt fotoskrivar og papir i dag
- Skal visstnok ta bilete for revyen dette semesteret
- Får kanskje tilgang til studio (lause planar)
- Livet mitt burde innimellom vore meir som ein detektivroman
Dagens song: M2M – Don´t say you love me