Syng meg spansk techno
Skrive av Harald den 23. januar 2006
Ein lærer no litt forskjellig. I løpet av den siste veka eller så har eg lært mellom anna dette, i assortert utval:
- jenter er galne. Alle saman.
- det er jamnt over kaldare i Berlin enn dei plassane eg vanlegvis held meg til i Norge. Eg høyrer rykte om 20 minus natt til i dag. Friskt.
- Morten A. Strøksnes skriv godt. Har med andre ord gjort ferdig hans austeuropeiske bilbok no.
- The New Pornographers si siste plate, Twin Cinema, er nesten like bra som alle skulle ha det til (legg herved til denne på lista over gode plater frå 2005).
- ?uestlove er ein fin fyr. Han driv og trommar på nesten alle gode plater innan den sjangeren som i Tyskland går under namnet Black Music. Sist høyrt på The Roots’ Phrenology (ja, eg er nok litt seint ute med denne).
- Woody Allen sine filmar kan vere svært gode. Av ein eller annan grunn har eg aldri sett noko frå den vesle hobbysaksofonisten, men denne veka slo eg til med både Annie Hall og hans nyaste, Match Point (Scarlett!). Retteleg underhaldande.
Andre jordskakande hendingar vil bli lagt til så snart eg får vite om dei. Looking to the future, smiling, singing.
5 kommentarar til “Syng meg spansk techno”
1Arild
januar 26th, 2006 @ 19:04
Såg Annie Hall - fin den, han kan sin Freud godaste Woody. Såg The Island (Scarlett!) - rimeleg kjedeleg affære. Ser fram til Match Point (Scarlett! Freud!).
(prøver å ikkje uttale meg om jenter, musikk og bøker).
2Harald
januar 27th, 2006 @ 15:49
Ikkje jenter, musikk eller bøker? Kva vi då skal gjere, frøken Vengen? Då blir iallfall mitt samtalevobakular fort begrensa.
3Karen du budde med ein gong og som no ser ut til å ikkje klare seg utan deg.
februar 3rd, 2006 @ 2:24
Harry old buddy, old pal, kortid kjem du heim og varmar oss med din tilstedeværelse og ditt gode humør? Bergen er så kaldt og trist utan deg, det går ikkje ein dag utan at eg strigret med hovudet mitt planta i puta mi medan eg tenkjer på deg og ditt vakre vesen. Ofte plar eg gå rundt omkring i Bergen sine små, mørke smug, medan eg høyrer på opptak av røysta di som eg tok opp på fest eingong i fjor, og latar som du går ved mi side, steg for steg gjennom dei mørke smuga, i ei fordums tid. Ja, ein kan vel sei eg har byrja leve på kanten til galskap utan deg her.
4Harald
februar 3rd, 2006 @ 12:39
Bank, bank, kem der? Na ja, eg begir meg ikkje ut på spekulasjonar, men eg veit det nok (frisk emailadresse, forøvrig). Men ta det med ro, er berre nokre veker igjen no, så kjem eg og gledar alle sinn i gamla stan. Dåkke klarer vel det, eller kem veit, det spørs om ikkje kanten til galskap allereie er bikka over, etter dette skribleriet å dømme.
5Tor Øivind
februar 3rd, 2006 @ 23:02
Dont you know Im loco?
Skriv ein kommentar