Denne månaden er den første i resten av ditt liv
Skrive av Harald den 21. januar 2006
Eg berre lurer: Er det slik at januar er ein dårleg månad uansett kor ein er? Personleg har eg i alle fall alt anna enn varme kjensler for denne månaden. Og no er eg jo som kjent ikkje på min faste opphaldsstad i Vestlandets hovudstad, men Berlin ser ut til å vere mykje som Bergen vinterstid. Muligens kan det vere annleis om ein er på rundreise i, nja, India, til dømes, men eg er jammen ikkje overbevist. På lektorspråk: Eg berre spør.
3 kommentarar til “Denne månaden er den første i resten av ditt liv”
1Arild
januar 22nd, 2006 @ 15:23
Sanneleg, sanneleg det seier eg deg - du får ikkje nett kalenderdetektivprisen for å finne ut at januar ikkje er blant dei elleve stiligaste månadane. Januar kan brukast til å lese bøker, gå på kino og vente.
2Eli
januar 22nd, 2006 @ 20:28
Einig med alle. Men det er mykje å gjere når verda ligg i dvale. som til dømes å lese ut ei bok på to dagar. Og den boka var lang, men god sjølvsagt. Fatt mot, snart kjem kjekke februar!!
3Gisle
januar 24th, 2006 @ 11:29
Eller ein kan reise til utlandet og ha det som plommen i ei plomme. Tru meg H, her merkar ein ikkje kva dag eller maanad det er. For saa hoet har eg elska er ei bok eg trudde duhadde lese E, en eg nyttar igjen anledninga til aa anbefale den for eldsteA. Les. Ellers fekk eg endaa ein vri paa dette du brukar som overskrift H, som at her i garden, lever dei unge kvar dag som det var den siste og dei gamle kvar dag som det var den foerste. Saa veit ein det. Til no har eg mista ein del pengar og funne dei att, og mista ei bok og ei hovudlykt, og det var eit daarleg parti, daa eg trenge lyset og eg trenge aa lese ut boka. Det var som aa gaa paa kino, og bli husja ut midtveis, samtidig som du veit at neste gong du skal sja film kjem dei ikkje til aa skru paa lyset. Der er ikkje alt som er griselett, men alt er stas. Det maa ein berre sei. No skal eg kanskje rusle nedatt paa kneipa og kjope 1,50kr cola’en og observere liv i sola. Det vert fint. Godt mot kaldingar, januar har ein ende!
Skriv ein kommentar