Kalde hjarte, varm vodka

Skrive av Arild den 8. januar 2006


Kalde ting,Os

Eg er no blitt betre kjend med strekninga Os - Bergen. Vi fekk i løpet av helga sjøsett Oselvaren som eg gjerne vil døype Monskarolina, rett nok var det ein del is i Oselva, men med litt presisjonsroing gjekk det heile flytande. Takka vere mykje god sol fekk eg med meg Eli og Tore på eit par rekognoseringsturar på Fusafjorden - eg kan tenkje meg at det er rett triveleg der om sommaren.

Om bileta: Eg fekk høyre at eg ikkje berre kunne poste svart/kvitt-bilete av folk, bilete av ting er uansett ikkje heilt min stil (om du lurte).

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

7 kommentarar til “Kalde hjarte, varm vodka”

  1. 1Eli
    januar 8th, 2006 @ 22:08

    Dette var retteleg fine bilete. Kanskje det hadde vore mogleg å få hand om dei?
    Os er ein fin stad for familiesamlingar, la oss gjere det oftare;)

  2. 2hg
    januar 8th, 2006 @ 23:07

    Fine bilde, ja!

    Det som er litt snodig, er at då eg klikka på eit tilfeldig valt bilete, vert eg ført rett i klørne på microsoft.com. Eg har skjønt at du har tilbøyelegheiter, min gode mann, men dette vart for sterkt.

  3. 3Arild
    januar 9th, 2006 @ 1:15

    E: Takk! Korleis vil du ha dei? Møtast nok på Os igjen, fin plass!

    H: Snodig ja, fann ut at det hadde snike seg inn eit ekstra http:// - om ein har to slike etter kvarandre kjem ein altså til microsoft sine sider - både underleg og pussig på ein og same tid. Klipp, lim og test sjølv: http://http://ufjelg.org (merk: det skjer berre i Firefox.

  4. 4Eli
    januar 9th, 2006 @ 17:24

    Kan gjerne få dei på cd. Hadde vore fine bilete på ha på veggen veit du. Og då kan jo andre sjå kor flink du er og;)

  5. 5Gisle
    januar 10th, 2006 @ 13:45

    Alle veit jo det at bilete av ting, nøyaktig slike ein kan finne på plassar med båt og slikt, er bilete ein kan få alvorleg mykje av. Men la meg no få sei dette; desse bileta var retteleg fine, spesielt ihop slik som her, så desse kan du berre ta fleire av. Så det.

  6. 6Harald
    januar 11th, 2006 @ 16:01

    Ser at det no er min tur til å bruke uttrykket “retteleg fine” om desse bileta. Eg prøver å bruke det i ei setning: Arild, desse bileta var retteleg fine! Eg har berre eit spørsmål: Var det ikkje kaldt der ute på fjorden midt på vinteren?

  7. 7Arild
    januar 11th, 2006 @ 20:20

    Til alle: Det er vel ikkje direkte sjokkerande at folk liker fargeglade vinterbilete betre enn sure portrett i svart/kvitt - eg får vel berre leve med det.

    Til H.: Det er aldri kaldt - det er berre å ikkje kjenne etter.

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Piker, vin, eller sang?

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv