Arkiv for januar, 2006
Summen av forvirringa er total
laurdag, 28. januar, 2006

Kristoffer
Jada, gjenta etter meg: Arild er ein one trick pony (eitt-kunststykke-ponni?). Før eller seinare sluttar eg vel å poste inkjeseiande bilete av folk i svart/kvitt, når eg kjenner etter tenkjer eg vi nok seier seinare.
Jovial optimisme
fredag, 27. januar, 2006

Kristin
Framleis fakultetsliv - og lite anna.
Dagens song: Jackson Browne - The pretender.
Hei kor det går
torsdag, 26. januar, 2006

Stina, Anniken og Kari
Slitsomme ting: Obligatorisk forelesing åtte om morgonen.
Fine ting: Gjenoppdaga godt lys i eine trappeoppgangen.
Elles: Kjem sterkare tilbake, alltid.
Du får smøre matpakka di sjøl
måndag, 23. januar, 2006
Å skulle bli noko her i verda er ikkje akkurat det lettaste målet. Du veit, ein passar jo til så mykje. Den siste tida er det vorte meir klart, her er det berre å smøre matpakka si sjøl og sysle med eigne fakter og tankar og draumar. Difor les eg heller bøker og ventar på at nokon skal dele ei skive eller to. Neste bok på programmet heiter “For så høgt har eg elska”. Det byrjar lovande;)
Syng meg spansk techno
måndag, 23. januar, 2006
Ein lærer no litt forskjellig. I løpet av den siste veka eller så har eg lært mellom anna dette, i assortert utval:
- jenter er galne. Alle saman.
- det er jamnt over kaldare i Berlin enn dei plassane eg vanlegvis held meg til i Norge. Eg høyrer rykte om 20 minus natt til i dag. Friskt.
- Morten A. Strøksnes skriv godt. Har med andre ord gjort ferdig hans austeuropeiske bilbok no.
- The New Pornographers si siste plate, Twin Cinema, er nesten like bra som alle skulle ha det til (legg herved til denne på lista over gode plater frå 2005).
- ?uestlove er ein fin fyr. Han driv og trommar på nesten alle gode plater innan den sjangeren som i Tyskland går under namnet Black Music. Sist høyrt på The Roots’ Phrenology (ja, eg er nok litt seint ute med denne).
- Woody Allen sine filmar kan vere svært gode. Av ein eller annan grunn har eg aldri sett noko frå den vesle hobbysaksofonisten, men denne veka slo eg til med både Annie Hall og hans nyaste, Match Point (Scarlett!). Retteleg underhaldande.
Andre jordskakande hendingar vil bli lagt til så snart eg får vite om dei. Looking to the future, smiling, singing.
Denne månaden er den første i resten av ditt liv
laurdag, 21. januar, 2006
Eg berre lurer: Er det slik at januar er ein dårleg månad uansett kor ein er? Personleg har eg i alle fall alt anna enn varme kjensler for denne månaden. Og no er eg jo som kjent ikkje på min faste opphaldsstad i Vestlandets hovudstad, men Berlin ser ut til å vere mykje som Bergen vinterstid. Muligens kan det vere annleis om ein er på rundreise i, nja, India, til dømes, men eg er jammen ikkje overbevist. På lektorspråk: Eg berre spør.
Naken mann delte ut valium til barn
fredag, 20. januar, 2006

Etter putekrigen
Eg les litt om hikikomori nett no, japanarane har sitt å stri med dei òg. Kom elles på at eg er pliktig å tipse om to fabelaktige nettsider:
Black people love us (kvite folk er morosame)
Sweet baby Jesus and the orphans (les første sida òg)
“Naken mann delte ut valium til barn” var visstnok ei overskrift i Halden Arbeiderblad ein gong på tidleg åttital, gode ting.
When in danger, or in doubt…
fredag, 13. januar, 2006

Etter ein rangel - fyrstekake og kaffi
Poeten, jentefuten og levemannen Håvard F. hadde gebuss i går - singing, joyful!
When in danger or in doubt, run in circles, scream and shout.
Farande fantar
onsdag, 11. januar, 2006

Ikkje nett ein peikeneger
Då har eg sendt den aller minste bror min med toget ut i den store verda. Etter det eg har skjøna har bror min - og reisefølgjet som kun går under namnet “Sigbjørn” - tenkt å nytte seg av eit utal framkomstmiddel på si halvårsreise i asia, oseania og andre kontinent eg knappast har høyrt om. Karane har oppretta ein reiseblogg - Jungeltelegrafen - vi får håpe dei har nok vet i skallen til å halde oss heimeverande oppdaterte, sånn innimellom.
Full fart, for alltid, og sol heile dagen - god tur!
Kjempehjerne
onsdag, 11. januar, 2006

Slekta
Det er vår!
Om å få det til
tysdag, 10. januar, 2006

Kristian viser nok ein gong at han kan dette med spiker

Då var det tid for å fly. Alle kryssar vel fingrane for alt som er godt vel? Så får vi berre sjå om vi får det til -å finne att bagasjen i Mumbai. Adios!
Kalde hjarte, varm vodka
sundag, 8. januar, 2006
Eg er no blitt betre kjend med strekninga Os - Bergen. Vi fekk i løpet av helga sjøsett Oselvaren som eg gjerne vil døype Monskarolina, rett nok var det ein del is i Oselva, men med litt presisjonsroing gjekk det heile flytande. Takka vere mykje god sol fekk eg med meg Eli og Tore på eit par rekognoseringsturar på Fusafjorden - eg kan tenkje meg at det er rett triveleg der om sommaren.
Om bileta: Eg fekk høyre at eg ikkje berre kunne poste svart/kvitt-bilete av folk, bilete av ting er uansett ikkje heilt min stil (om du lurte).
Om Os
måndag, 2. januar, 2006

H. i naustet i dag føremiddag
Ein har vore ein aldri så liten tur til Os. Tok ei synfaring av sentrum med min yngre bror H. tidlegare i dag, før han fauk attende til Berlin. Vi fann mykje sol på Os, men få folk, vidare fann vi ein båt med namn Nøkken, nokre bannande bryggesjauarar, eit kombinert eldresenter og reisebyrå og til sist naustet - som følgjer med prestegarden. Naustet romma ikkje mindre enn seks kanoar og to Oselvarar - den eine i brukande stand. Ein har visstnok lakserett i Oselva, så då er det to ting ein kan lære seg når ein besøker dei gamle - pianospeling og laksefiske.
