Om jula hadde vart heilt til påske


Julafta morgon – syskenborn Å.

Så var ein godt – om enn noko brått – attende i gamle Bergen. Jula på Sandane var fin den, selskapslivet intenst, maten god, vegen glatt og himmelen stjerneklar. Ein fekk ikkje lest så mykje Hemingway/Hovland i boblebadekaret som ein ville tru, og singstarkonkurransane gjekk som oftast i underteikna sin disfavør, men så lenge diskoteket i biholene mine berre spelar klinesongar og held seg unna songar med doble basstrommer kan ein vel ikkje syte.

Åja, om jula hadde vart heilt til påske hadde eg nok blitt hundre.


Rakettvitskap — Arild @ 28. desember, 2005

0 Comments »

Ingen innspel enno.

RSS-nyheitsstraum med innspel til dette innlegget. TrackBack URI

Legg att eit innspel







Lang dags ferdt mot fnatt © 2004 - 2011.
(c) 2012 Lang dags ferd mot fnatt | powered by WordPress with Barecity