Det året det var så glatt
Skrive av Arild den 22. desember 2005

Brørne Kling og Klang - Klang til høgre
Eg har, til liks med andre eg kjenner, låst meg heilt fast i Murakami-mursteinen Trekkoppfuglen. For å komme over kneika satsar eg på lystlesing av gamle travarar i julehelga:
Ragnar Hovland - Ei vinterreise
Ernest Hemingway - Samlede noveller
Olav H. Hauge - Dikt i samling
Raymond Chandler - Den lange søvnen
Dette er vel nærast eit rop om hjelp, så om nokon har tilrådingar på bokfronten så kom med dei!
3 kommentarar til “Det året det var så glatt”
1baardemann
desember 22nd, 2005 @ 18:17
Om du likar Hemingway er Samlede noveller det heilt rette å lese, eventuelt Den gamle mannen og havet, eller …og solen går sin gang. Har du lese ei vinterreise har du heilt sikkert fått med deg dei viktigaste til Hovland. Av andre norske er det jo Hamsun, Solstad og Mykle som er best, ellers er jo nykommarane Knausgård og Seljestad underhaldande å lese. Ser ein annan stad at du har lese Idioten av Dostojevskij, då er det jo berre å kaste seg over Forbrytelse og straff og i neste omgang Dobbeltgjengeren. Ellers så kan du jo lese Gombrowicz, Kundera, Pirandello, Pynchon eller Rushdie til dømes.
2Arild
desember 28th, 2005 @ 23:09
Takkar for innspel!
Har lese rundt ti av Hovland sine bøker, likeeins har eg lese Heminways samla noveller samt romanane Den gamle mannen og havet, …og solen går sin gang, Klokkene ringer for deg, Farvel til våpnene og Sannhet ved soloppgang - planen var å lese noko av dette opp att.
Eg har ein del Hamsun, Solstad, Mykle og Knausgård ståande klare i hylla, kan hende tida er inne for å kaste seg over desse..
3Gisle
januar 8th, 2006 @ 1:05
Eg har no brukt mykje tid på å tenke på om eg skulle ymte frampå om at (er det ikkje ei herleg setning til no?) eg kanskje kunne mislike at eg vart bror Kling slik heilt utan vidare, men etter mykje om og men fann eg det best å la vere.
Skriv ein kommentar