Fasit

Skrive av Harald den 15. desember 2005

Sjølv om eg veit om opptil fleire som ikkje er så begeistra for oppsummeringar av året som gjekk, synest eg likevel at ein slik gjennomgang er noko som må gjerast. Om ikkje anna, får ein iallfall framvist litt populærkulturell kompetanse. Så, her kjem det, først musikk eg har komt over dei siste månadane (dette er inga rangering, sjølv om alle veit at mannen med det rare namnet, den store geografiinteressa og dei mange instrumenta laga den finaste plata i 2005):

Sufjan Stevens - Illinois
Kanye West- Late Registration
Common - Be
Hal - Hal
Ben Folds - Songs For Silverman
Josh Rouse - Nashville
Jamie Lidell - Multiply
Antony & The Johnsons - I Am A Bird Now
Teenage Fanclub - Man-Made
The Arcade Fire - Funeral
Steely Dan - Pretzel Logic
Steely Dan - Can’t Buy A Thrill
D’Angelo - Voodoo
Ted Leo & The Pharmacists - Shake The Sheets
JR Ewing - Maelstroem. Det får vel halde.

Eg såg også nokre filmar, men ikkje særleg mange kan ha gjort inntrykk, sidan eg ikkje hugsar så mange. No nyleg såg eg iallfall Harry Potter And The Goblet Of Fire og The Chronicles Of Narnia. Eg likar jo vanlegvis ikkje slikt, men dette var ganske underhaldande. Også var jo The Life Aquatic With Steve Zissou ein god film. Elles går vel det meste som er kjekt på fjernsynet.

Dei bøkene eg las som var gode (nokre var riktignok betre enn andre): Fjodor Dostojevskij - Idioten, Dave Eggers - You Shall Know Our Velocity, Graham Greene - Vår mann i Havana, J.D. Salinger - The Catcher In The Rye, Carl Hiaasen - Turistsesong, Gil Courtemanche - En søndag ved bassenget i Kigali. Etter besøket i bokbyen i Fjærland hadde eg også planar om å få lest Steinbecks Vredens Druer og Samuel Huntingtons Clash Of Civilizations, men så langt kom ein ikkje. Neste år, altså, må berre bli ferdig med Haruka Murakami-boka mi. Den er også god.

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

3 kommentarar til “Fasit”

  1. 1Arild
    desember 20th, 2005 @ 13:18

    Mykje det same som på mi liste, svært overraskande! Eg kan evt. poste ei hitparadeliste om det skulle falle seg slik, følg med!

  2. 2hg
    desember 21st, 2005 @ 11:51

    Eg vil gjerne sjå ei hitparadeliste!

    Trudde eigentleg Shake the streets var frå i fjor - den er uansett heilt sjef!

  3. 3Arild
    desember 21st, 2005 @ 13:33

    Farmasøyt-beefen får du ta med Bror II, eg skal få slengt opp ei kommmers hitparadeliste - truleg mest til glede for meg sjølv.

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Alle gode ting er tre, men kven er best?

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv