Notat frå Kyrkjekontoret
Skrive av Gisle den 14. desember 2005
Eg ville så gjerne ha med Kyrkjekontoret i overskrifta, for det er her eg må sitte. Eg har fått ein time av dette døgeret til å gjere litt slike ting eg sjølv har lyst til, elles er det berre jobbing heile tida. Her kjem ei liste over nye og mindre nye saker:
Huset er snart tomt
Eg har kun ei natt igjen på bakeriet (!)
I går pakka dei ned rommet mitt
Prosten i Sunnfjord må slite med eit heilt forferdeleg tastatur
I dag pakka eg det opp att
Vi har verken hustelefon, eller nettkopling heime
Eg har fått nokre elendige bilete frå Eurofoto
Eg har bedt Eurofoto sende mine bilete istaden
50mm funka
Eg har ommennetrent tusen fotofilmar eg ikkje veit å bruke
Ommennetrent er som å seie Madammen om kona si
No må eg springe att. Det er ikkje lenge til vi kan kvile, håpar eg. Det er ein del bilete eg har lyst til å poste, men det er ikkje så lett på datamaskina til prosten, så, lev vel, og kom heim til jul, så skal eg la vere å bli middelaldersk på der du veit.
3 kommentarar til “Notat frå Kyrkjekontoret”
1A.
desember 14th, 2005 @ 16:27
“på der du veit” er vel mykje det same som på ratata?
2Harald
desember 14th, 2005 @ 16:42
Eivind “Ratata” Løberg? Alt vel? Ikkje så kjekt å flytte?
3Lang dags ferd mot fnatt » Blog Archive » Iskalde gufs
desember 30th, 2005 @ 18:34
[…] Håvard G. har jebuss i dag, grattis! Endre har starta å blogge igjen, det har Ingeborg òg. Bloggarkivet fungerer endeleg slik det skal, no kan ein lese alle innlegga til Gisle, Harald, Eli og meg sjølv. Svært gledelege nyhende for mannen i gata der altså. […]
Skriv ein kommentar