Streik, Berlin, Desember 2005

Skrive av Harald den 9. desember 2005

Eg er så heldig at eg får oppleve ein streik på universitetet mitt. Det har eg faktisk aldri høyrt om før. Og dette er ikkje kva streik som helst, heller, denne veka streikar ein nemleg mot alt! Det er iallfall det intrykket ein får av å lese dei fjonge plakatane til denne aksjonen. For å ikkje bli heilt neo-konservativ på lesaren, så må det jo påpeikast at dei har rett i mykje. Ingen vil ha studiegebyr, til dømes. Men her kjem det altså eit par dusin krav til, som eg ikkje veit heilt kva ein skal gjere med, pluss at det er litt vanskeleg for ein utlending å sette seg inn i dette. Utvekslingsstudentar er som kjent ikkje ekte studentar. Dessutan verkar som ein del av dei aktive streikarane (det er mindretalet, sjølvsagt) gjerne skulle ønske at dei levde i 1968 og levde i Paris eller noko. Sånn at ein verkeleg kunne stick it to The Man. Som kjent, ein får ta det opprøret ein kjem over. http://www.streikzentrale.tk/

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

4 kommentarar til “Streik, Berlin, Desember 2005”

  1. 1A.
    desember 9th, 2005 @ 14:47

    Pussig, uttrykket “neo-konservativ på lesaren” minner meg om gode gamle “I’m gonna get medieval on your ass”, eg tenkte på dette uttrykket på veg til fakultetet i dag - hugsar ikkje kvar eg har det i frå.

    Har det utpeika seg ein verdig arvtakar til Rudi Dutsche?

  2. 2Harald
    desember 9th, 2005 @ 15:24

    Kjapp opppfølging her i garden (eg har faktisk andre ting å gjere på også, heilt sant): Eg tenkte sjølvsagt på medieval on your ass-replikken, men bestemte så at det å bli “neo-konservativ på rumpa di” ikkje høyrtest så stilig ut (det, og det at eg ikkje har den ringaste aning om kva ei slik setning skulle bety). Det er iallfall ein del som prøver seg på ein del Rudi-manøvrar, utan at eg vil seie at nokon lukkast fullt ut. Ein av frontkjemparane kunne melde at idet politiet kom og skulle hente ei gruppe studentar ut av eit kontor dei hadde okkupert (kva no det skulle vere godt for), hadde dei blitt utsett for “relative physische Gewalt”. Prøv den på for storleik. Ned med klassepurken, seier eg. Elles går Rudi Dutschke-Weg rett forbi universitetet her, så ein er godt forspent. Bonusspørsmål: Kor har eg tittelen frå? Er det ikkje ein eller roman, novelle eller liknande frå gamle dagar som heiter noko slikt? Groruddalen, anyone?

  3. 3Endre
    desember 11th, 2005 @ 19:51

    Er ikkje “i`m gonna get medieval on your ass” henta frå Tarantinoklassikaren Pulp Fiction?

  4. 4Gisle
    desember 14th, 2005 @ 15:38

    Eg var sikker på at dette var frå Black Adder, eg som ikkje eingong har sett slikt. Sett slikt!

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Alle gode ting er tre, men kven er best?

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv