Arkiv for desember, 2005

Iskalde gufs

fredag, 30. desember, 2005


Easy E. held hovudet høgt heva heile høgtida

Håvard G. har jebuss i dag, grattis! Endre har starta å blogge igjen, det har Ingeborg òg. Bloggarkivet fungerer endeleg slik det skal, no kan ein lese alle innlegga til Gisle, Harald, Eli og meg sjølv. Svært gledelege nyhende for mannen i gata der altså.

Rakettvitskap | Ein kommentar

Om tantetantes loppesirkus

torsdag, 29. desember, 2005


Bror III tenner lysa før julemiddagen

Kom brått på tantetante sitt praktnummer - loppesirkuset - kan hende tida er moden for å bringe denne tradisjonen vidare?

Om du blir bortført av ein flokk albatrossar og kun får lov til å høyre ein song frå Anthony Hamilton sitt nye album “Ain´t nobody worryin´”, så bør du absolutt velge fantastiske “Can´t let go”! Nok sagt.

Rakettvitskap | Ingen kommentar

Om jula hadde vart heilt til påske

onsdag, 28. desember, 2005


Julafta morgon - syskenborn Å.

Så var ein godt - om enn noko brått - attende i gamle Bergen. Jula på Sandane var fin den, selskapslivet intenst, maten god, vegen glatt og himmelen stjerneklar. Ein fekk ikkje lest så mykje Hemingway/Hovland i boblebadekaret som ein ville tru, og singstarkonkurransane gjekk som oftast i underteikna sin disfavør, men så lenge diskoteket i biholene mine berre spelar klinesongar og held seg unna songar med doble basstrommer kan ein vel ikkje syte.

Åja, om jula hadde vart heilt til påske hadde eg nok blitt hundre.

Rakettvitskap | Ingen kommentar

Det året det var så glatt

torsdag, 22. desember, 2005


Brørne Kling og Klang - Klang til høgre

Eg har, til liks med andre eg kjenner, låst meg heilt fast i Murakami-mursteinen Trekkoppfuglen. For å komme over kneika satsar eg på lystlesing av gamle travarar i julehelga:

Ragnar Hovland - Ei vinterreise
Ernest Hemingway - Samlede noveller
Olav H. Hauge - Dikt i samling
Raymond Chandler - Den lange søvnen

Dette er vel nærast eit rop om hjelp, så om nokon har tilrådingar på bokfronten så kom med dei!

Rakettvitskap | 3 kommentarar

Ei vinterreise

onsdag, 21. desember, 2005


Ma - midt i flyttinga

Då var alt klart for julereisa til Sandane. Gåver er kjøpt inn, dresskjortene nyvaska, kameraet funne fram, undulaten lodda ut og Grace Kelly er på TV.

Rakettvitskap | Ingen kommentar

Bror III XX - gratulerer!

tysdag, 20. desember, 2005


G. - ein posørkonnosør

Då er det på tide å gratulere Bror III med dei første tjue åra med posering, måtte du få brukt evnene dine til det beste for alle folkeslag.

Rakettvitskap | 3 kommentarar

Flyttemelding

måndag, 19. desember, 2005


Onkel Boy

Då har The Mamas & the Papas fått flyttelasset til Os, ord blir fattige når det kjem til akkurat kor ufatteleg mange bøker dei har klart å samle seg, diverre er det meste innan fagfeltet tung tysk teologi, men om nokon vil låne eit par hundre bøker så sei i frå.

Rakettvitskap | Ingen kommentar

Fasit

torsdag, 15. desember, 2005

Sjølv om eg veit om opptil fleire som ikkje er så begeistra for oppsummeringar av året som gjekk, synest eg likevel at ein slik gjennomgang er noko som må gjerast. Om ikkje anna, får ein iallfall framvist litt populærkulturell kompetanse. Så, her kjem det, først musikk eg har komt over dei siste månadane (dette er inga rangering, sjølv om alle veit at mannen med det rare namnet, den store geografiinteressa og dei mange instrumenta laga den finaste plata i 2005):

Sufjan Stevens - Illinois
Kanye West- Late Registration
Common - Be
Hal - Hal
Ben Folds - Songs For Silverman
Josh Rouse - Nashville
Jamie Lidell - Multiply
Antony & The Johnsons - I Am A Bird Now
Teenage Fanclub - Man-Made
The Arcade Fire - Funeral
Steely Dan - Pretzel Logic
Steely Dan - Can’t Buy A Thrill
D’Angelo - Voodoo
Ted Leo & The Pharmacists - Shake The Sheets
JR Ewing - Maelstroem. Det får vel halde.

Eg såg også nokre filmar, men ikkje særleg mange kan ha gjort inntrykk, sidan eg ikkje hugsar så mange. No nyleg såg eg iallfall Harry Potter And The Goblet Of Fire og The Chronicles Of Narnia. Eg likar jo vanlegvis ikkje slikt, men dette var ganske underhaldande. Også var jo The Life Aquatic With Steve Zissou ein god film. Elles går vel det meste som er kjekt på fjernsynet.

Dei bøkene eg las som var gode (nokre var riktignok betre enn andre): Fjodor Dostojevskij - Idioten, Dave Eggers - You Shall Know Our Velocity, Graham Greene - Vår mann i Havana, J.D. Salinger - The Catcher In The Rye, Carl Hiaasen - Turistsesong, Gil Courtemanche - En søndag ved bassenget i Kigali. Etter besøket i bokbyen i Fjærland hadde eg også planar om å få lest Steinbecks Vredens Druer og Samuel Huntingtons Clash Of Civilizations, men så langt kom ein ikkje. Neste år, altså, må berre bli ferdig med Haruka Murakami-boka mi. Den er også god.

Rakettvitskap | 3 kommentarar

Notat frå Kyrkjekontoret

onsdag, 14. desember, 2005

Eg ville så gjerne ha med Kyrkjekontoret i overskrifta, for det er her eg må sitte. Eg har fått ein time av dette døgeret til å gjere litt slike ting eg sjølv har lyst til, elles er det berre jobbing heile tida. Her kjem ei liste over nye og mindre nye saker:

Huset er snart tomt
Eg har kun ei natt igjen på bakeriet (!)
I går pakka dei ned rommet mitt
Prosten i Sunnfjord må slite med eit heilt forferdeleg tastatur
I dag pakka eg det opp att
Vi har verken hustelefon, eller nettkopling heime
Eg har fått nokre elendige bilete frå Eurofoto
Eg har bedt Eurofoto sende mine bilete istaden
50mm funka
Eg har ommennetrent tusen fotofilmar eg ikkje veit å bruke
Ommennetrent er som å seie Madammen om kona si

No må eg springe att. Det er ikkje lenge til vi kan kvile, håpar eg. Det er ein del bilete eg har lyst til å poste, men det er ikkje så lett på datamaskina til prosten, så, lev vel, og kom heim til jul, så skal eg la vere å bli middelaldersk på der du veit.

Rakettvitskap | 3 kommentarar

Kvalasduno?

laurdag, 10. desember, 2005


Bror III på Sibir

Då var det snart jul igjen og eg ser fram til å få tatt fleire bilete av folk eg kjenner - det er berre å stålsette seg for dei det gjeld. Eg har fått limt ihop eit nytt biletgalleri på http://arild.paraply.org/bilete/(bileta blir henta frå flickr.com-kontoen min, og det på magisk vis). Medan eg holdt på samla eg nokre svart/kvitt-bilete av folk og vener: http://arild.paraply.org/bilete/album/svartkvitt/(trykk på “view as slideshow”) - må få tatt fleire slike.

Når det gjeld Kvalasduno er dette både ein russisk fiskarlandsby og norskboka vi brukte på barneskulen.

Åja, så har eg kjøpt meg eit nytt objektiv, igjen.

Rakettvitskap | 2 kommentarar

Streik, Berlin, Desember 2005

fredag, 9. desember, 2005

Eg er så heldig at eg får oppleve ein streik på universitetet mitt. Det har eg faktisk aldri høyrt om før. Og dette er ikkje kva streik som helst, heller, denne veka streikar ein nemleg mot alt! Det er iallfall det intrykket ein får av å lese dei fjonge plakatane til denne aksjonen. For å ikkje bli heilt neo-konservativ på lesaren, så må det jo påpeikast at dei har rett i mykje. Ingen vil ha studiegebyr, til dømes. Men her kjem det altså eit par dusin krav til, som eg ikkje veit heilt kva ein skal gjere med, pluss at det er litt vanskeleg for ein utlending å sette seg inn i dette. Utvekslingsstudentar er som kjent ikkje ekte studentar. Dessutan verkar som ein del av dei aktive streikarane (det er mindretalet, sjølvsagt) gjerne skulle ønske at dei levde i 1968 og levde i Paris eller noko. Sånn at ein verkeleg kunne stick it to The Man. Som kjent, ein får ta det opprøret ein kjem over. http://www.streikzentrale.tk/

Rakettvitskap | 4 kommentarar

Parnemann

torsdag, 8. desember, 2005

Eg fann ei grammatikkbok av Helge Parnemann. Frå -93. Eg er sikker på at han byrja på tidleg åttital i alle fall. Eg er imponert over at det er han som er guru på tysk grammatikk -enno. Eg kan hugse (såpass kan eg vel) mine dagar ved Hafstad, der eg fekk heimelekse i Parnemann. Øvingsboka. Ola Hjellbakk var rett nok ikkje på fornamn med han (nokså rart, er det ikkje?), men han kalte han Parnemann’en. Og så smilte han. Kanskje du har møtt han, bror2?

Rakettvitskap | 3 kommentarar

Ein generell tendens til usannsynleg optimisme

tysdag, 6. desember, 2005


Snømannen Ludvig - for Eli som må ta del i gruppearbeid

Eg kom over tittelen i ein artikkel eg las i dag - den minna meg om “ubekymra jovialitet” som er eit av kriteria for manisk liding i følgje den danske psykiatriboka vår.

Rakettvitskap | Ein kommentar

Spørjeundersøkjing

måndag, 5. desember, 2005

Kva magasin, blad, lesestoff, lektyre, hefte om du vil, men ikkje bøker er bra no?

Rakettvitskap | 4 kommentarar

Flynisse

måndag, 5. desember, 2005

Altså, i dag har eg lært at det eksisterer ein Widerøe-nisse, og han har i tillegg lurt kundane til selskapet. Eg visste ikkje dette, og eg må sei eg er imponert over begge påfunna. Dessutan er det nett no opna eit skianlegg i Dubai og den nye, om vi kan seie det, prinsen som ikkje er ein kongeleg høyhet heiter Sverre Magnus. I tillegg slår meldarane seg på brystet over den nye King Kong til Peter Jackson. Så er Saddam byrja bli ein farse, og nesten alle lar seg lure av svindel-mail som du kan teste ut her: http://www.dagbladet.no/dinside/2005/12/05/451332.html
Deilig å sjå at verda går framover etter å ha lese og skrive ein heil dag. Men, tommel opp;)

Rakettvitskap | Ingen kommentar

Om det som er flott i brus

laurdag, 3. desember, 2005


Norsklæraren og teologen les bok i kyrkja

Eg har tenkt på at ein kanskje skulle samla nokre av uttrykka til morfar - gjerne med ei lita forklaring, her er i alle fall ein start:

Flott i brus: Generelt uttrykk om alt og ingenting - men med visse positive konnotasjonar.

Rakettvitskap | 6 kommentarar

Om det som ikkje er interkommunalt

laurdag, 3. desember, 2005


Snøblide folk (Zuiko 16mm)
Håvard ymtar frampå om at 2. desember bør vere fylkeskommunen sin dag. Inspirert av dette tenkte eg å seie noko om mitt eige forhold til moderfylket Sogn og Fjordane. Eg har alltid tala varmt om vestlandet, og då spesielt Sogn og Fjordane - i min ungdom følte eg eit stort ansvar for å stogge fråflyttinga frå bygdene og eg var oppteken av at eg skulle flytte tilbake etter endt universitetsutdanning. I praksis ville vel dette seie å flytte tilbake til Førde, no har eg alltid hatt litt problem med nett den tanken, men eg har rekna med at eg ville ta til vet når eg vart litt eldre - dette har ikkje skjedd. Eg har framleis store probem med å sjå for meg ei framtid i Førde og eg noterer meg at eg ikkje føler noko som helst for plassen - for min del kan dei no byggje rosa kjøpesenter nett kor dei vil (og det gjer dei òg).

Eg er framleis vestlandspatriot og har stor tru på regionen som heilskap, men kommunegrenser og fylkesgrenser har eg ikkje lenger sterke meiningar om.

Ei anekdote: Når eg - som liten pjokk - var med morfar for å levere bøker frå bokhandelen til ymse institusjonar i Gloppen, hende det rett som det var at han melde: “Kom igjen, det er ikkje interkommunalt!” - eg fekk fort følinga av at interkommunale samarbeid var noko ein burde halde seg unna om ein ville få utretta noko som helst - kan hende dette framleis sit litt i.

Referanse: Svein Lundevall - “Framover, men… - med fylkeskommunen i 20 år”

Rakettvitskap | 4 kommentarar

Pes

laurdag, 3. desember, 2005


Eli på fjelltur med sin mann. Eg trur det er som å vere på shopping med sin kone.

Det var nok meininga å laste opp dette rett etter turen. Ettersom det ikkje blei gjort, fann eg det pent å sjå litt sollys på eit bilete i dette nyttårsvêret.
Nokre bilete til følgjer.

(more…)

Rakettvitskap | Ingen kommentar

Nye kommentarar

Siste innlegg

Andre stader

Arkiv