Bilete på veggen der
Etter fleire ihuga forsøk på å henge opp bilete på veggen, prosjekt gjennom fire år, er vi i familien Eikenæs Vengen Solbakken kanskje nøgde med opphenget. Det er både beint og kvitt og grått. Dei små firkanta syner ulike tidsepokar med særs ulike motiv. Men, det er alltid eit men har eg skjønt, kor mange bilete kan ein eigentleg henge opp av seg sjølv i si eiga stove, og kor mange bilete kan vere frå eit og same bryllaup med dei same folk på?
Eg har ei kjensle av at vi kanskje bommar litt. På den eine sida kan bilete av seg sjølv vere det mest naturlege kanskje, om ein då manglar venar og ikkje er spesielt kreativ og ei rekkje andre årsaker eg ikkje kan bruke dykkar tid på her. Og sidan det er opptil fleire gode, til dels dyktige i familien Eikenæs Vengen, vert det mange å velje mellom. Samstundes kan det sjå ut som ein lid av noko uklårt, men ikkje særleg heldig om til dømes Eli er representert flest gonger, og maken nok kan sjå ut som han hellar til same kjønn i ulike settingar ( les: bryllaup) .
Treng innspel. Og for alt eg veit er det kanskje skrive ei bok om emnet?
Dessutan lurer eg på om bror 1, 2 eller 3 kan svare på følgjande; har de lett for å sove om natta? Er de opptekne av oppskrifter? Likar de morobøker ( les sveskevitsar med meir)? Har de vanskeleg for å seie at nok er nok? Kva blad er det beste på marknaden no? og kven av dykk er bror 1, 2 og 3?
På førehand; takk!
Tja, komman oppsannsa, til kjerringa si? (les: skotsktorgersen) La meg vere den første til å svare:
1. Eg søv ikkje på natta, då jobbar eg, men eg skulle gjerne gjort det. Om eg så hadde sove på natta, eller, i dette tilfellet, om eg skal svare på det du spør om, så vil eg sei at eg har lett for å sove på natta, eller generelt sove, men eg søv ikkje lett, eg søv tungt, tungt som ein stein. På natta, eller dagen.
2. Eg bryr meg ei med oppskrifter, men eg likar matprogram.
3. Eg likar verken sveskevitsar eller svenskevitar, eller vitsar generelt, og om du skulle finne ei bok med alle desse vitsane i, så hadde eg heller sett at du sendte den til Notar-folket, så kan dei sjå korleis det er å støtt og stadig få postkassa full i skrot, ekkelt skrot.
4. Nok er nok. Der, eg sa det.
5. Som du ser har hausten vore her og vist oss dei finaste blada, no er vinteren her og har teke dei alle.
6. Arild er bror1. Harald er bror2. I mitt tilfelle. Bror3 har eg aldri sett, eg må få møte han ein gong.
Og bilete, det kan ikkje bli nok av ein sjølv, ei heller av inderlege omfavnelsar mellom gutar. Men skal du har bilete frå eit samebryllup må du ikkje spørre meg, det er det berre mor og far som har erfaring med.
Å, Gisle skriv så langt, det gidd ikkje eg. Men jaffal, han har rett på dei fleste punkt. Men eg har eit forslag til blad: Det er ein svensk teiknar som heiter Martin Kellerman. Han driv og teiknar ein serie om ein hund som heiter Rocky. Den er ganske morosam. Sjå etter bladet med denne hunden i butikken ein gong. Eg har til og med denne serien i bokform. Det er stas. Og eg må seie ein ting. No ligg det bilete på flickr, etter mykje mas frå brødrene. Dei ser jo ikkje ut (bileta), men det er no jaffal noko.