Pølsemaker, pølsemaker

Skrive av Gisle den 20. november 2005

Pølsepause ved spegelen

Julepølsehelga sikra julefreden nok ein gong. Denne gongen hadde grevinnan med seg ni slaktar-hattar som vi fekk utdelt med navn og dato, så vi kunne sjå (berre slik for moro skuld) kven som var tilstades frå år til år. Den vanlege summinga om at dette er kjekt (men eit kav), samstundes som det vert kviskra skumle ord om at det kanskje er siste gongen, vart fort gløymt ettersom Onkel Olav meinte at rekorden frå -99 var muleg å slå (1t.49min.). Etterpå fulgte kalas for bursdags”barnet” Onkel O. Graut og spekemat med tilhøyrande kaker og kaffi. I piano\peisestova vart eg vitne til eit fabelaktig show inkluderande alle som hadde stemmer, hender eller føter, og snart gjekk Jubilanten ut for niande gong for å hente eit nytt rytmeinstrument (der fins eit lager). Taase var primus motor for Fest&Moro og stilte song og piano til disposisjon. Det vart ein god dag. Her følger nokre bilete, dei to siste var med blitz og er følgeleg i svart\kvitt.

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

2 kommentarar til “Pølsemaker, pølsemaker”

  1. 1Eli
    november 26th, 2005 @ 1:02

    You`re an animal brother. Men kvar vart det av magedansen til O.Olav? Og t.Olaug sine moves?

  2. 2Arild
    november 27th, 2005 @ 13:17

    Ord blir fattige. Skulle ynskje eg kunne ta del i denne særmerkte tradisjonen - om eg får datoen for neste års julepølselaging skal eg gjere mitt beste for at juleballet vårt ikkje kolliderer.

    God knall.

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Piker, vin, eller sang?

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv