Nokre gongar bør ein halde fast på keeperen
Skrive av Arild den 17. november 2005

Fritidssysselmann
No kan vi endeleg spele bordhockey i kjellaren på fakultetet - det heile minner meir og meir om ein fritidsklubb.
Den svenske biletbloggen Taimjoonit (timeunit, hugs svengelsken) inneheld ein del fin-fine svart/kvitt-bilete, blir reint nostalgisk - det er framleis noko eige med skikkeleg mørkeromsarbeid.
Straffekonkurranse: Den som klarer å gisse kva film parafrasen i tittelen er henta frå, blir straffa.
5 kommentarar til “Nokre gongar bør ein halde fast på keeperen”
1Jørund
november 20th, 2005 @ 17:02
Eg vil gjerne bli straffa litt. Eg tippa det er henta frå “United”, sotrakjærleik og fotballfantasi på sitt verste. Jørund, i det sadistiske hjørnet…
2A.
november 21st, 2005 @ 11:55
Aiai - ikkje noko straff på deg Jørund. Eg meiner (utan å sjekke mine kjelder, det ligg ikkje innanfor mitt studieområde) smått bestemt at parafrasen er henta frå ein annan norskspråkleg film med framandlandsk namn - nærare bestemt “Buddy”. Pussig det der at framanlandske filmar får norske titlar (stort sett på forma “hjelp vi…”), medan norske filmar får framanlandske titlar. I alle høve - det opprinnelege sitatet går noko slikt som dette: “nokre gongar må ein sleppe keeperen og angripe meg beggje hendene” - ein av dei meir kjende bordhockeymetaforane, vil ein tru.
Berre for å gni saft i såret vil eg peike på at filmen United ikkje hadde så mykje med Sotra å gjere, all den tid handlinga utspant seg på den pittoreske øya Stord.
3Gisle
november 22nd, 2005 @ 14:15
Apropos dette med gniing og salt og slikt; er det vanleg bordsalt ein brukte før? Eller brukte inkvisitorane grovkorna havsalt berre på helvete? (ordbruk henta frå Hovland si oversetting av Stiløvingar: “Eg skulle også ha sagt til han, berre på helvete, at han mangla ein knapp oppe i den altfor utringa frakken”)
4Arild
november 22nd, 2005 @ 23:39
Ramsalt.
5christian
oktober 18th, 2006 @ 23:00
den er henta fra BUDDY….
noen ganger må du slippe keeperen å angripe med begge henda….
Skriv ein kommentar