Nokre gongar bør ein halde fast på keeperen


Fritidssysselmann

No kan vi endeleg spele bordhockey i kjellaren på fakultetet – det heile minner meir og meir om ein fritidsklubb.

Den svenske biletbloggen Taimjoonit (timeunit, hugs svengelsken) inneheld ein del fin-fine svart/kvitt-bilete, blir reint nostalgisk – det er framleis noko eige med skikkeleg mørkeromsarbeid.

Straffekonkurranse: Den som klarer å gisse kva film parafrasen i tittelen er henta frå, blir straffa.


Rakettvitskap — Arild @ 17. november, 2005

5 innspel »

  1. Eg vil gjerne bli straffa litt. Eg tippa det er henta frå «United», sotrakjærleik og fotballfantasi på sitt verste. Jørund, i det sadistiske hjørnet…

    Innspel by Jørund — 20/11/2005 @ 17:02
  2. Aiai – ikkje noko straff på deg Jørund. Eg meiner (utan å sjekke mine kjelder, det ligg ikkje innanfor mitt studieområde) smått bestemt at parafrasen er henta frå ein annan norskspråkleg film med framandlandsk namn – nærare bestemt «Buddy». Pussig det der at framanlandske filmar får norske titlar (stort sett på forma «hjelp vi…»), medan norske filmar får framanlandske titlar. I alle høve – det opprinnelege sitatet går noko slikt som dette: «nokre gongar må ein sleppe keeperen og angripe meg beggje hendene» – ein av dei meir kjende bordhockeymetaforane, vil ein tru.

    Berre for å gni saft i såret vil eg peike på at filmen United ikkje hadde så mykje med Sotra å gjere, all den tid handlinga utspant seg på den pittoreske øya Stord.

    Innspel by A. — 21/11/2005 @ 11:55
  3. Apropos dette med gniing og salt og slikt; er det vanleg bordsalt ein brukte før? Eller brukte inkvisitorane grovkorna havsalt berre på helvete? (ordbruk henta frå Hovland si oversetting av Stiløvingar: «Eg skulle også ha sagt til han, berre på helvete, at han mangla ein knapp oppe i den altfor utringa frakken»)

    Innspel by Gisle — 22/11/2005 @ 14:15
  4. Ramsalt.

    Innspel by Arild — 22/11/2005 @ 23:39
  5. den er henta fra BUDDY….
    noen ganger må du slippe keeperen å angripe med begge henda….

    Innspel by christian — 18/10/2006 @ 23:00

RSS-nyheitsstraum med innspel til dette innlegget. TrackBack URI

Legg att eit innspel







Lang dags ferdt mot fnatt © 2004 - 2011.
(c) 2012 Lang dags ferd mot fnatt | powered by WordPress with Barecity