In Allgemein

Skrive av Harald den 17. november 2005

I serien “Meir eller mindre unyttige ting som blir delt ut på tyske universitet” har vi i dag kome til alle og einkvar si tyske favorittavis, Frankfurter Allgemeine Zeitung. I fleire dagar på rad har desse avismenneska stått i lobbyen og pressa stakkars studentar til å lese tungt utanriksstoff. Eg har gjort fleire ærlege forsøk på å lese denne avisa, men det er noko vanskeleg, ettersom skribentane lever etter mottoet “det er ikkje ein skikkeleg tysk avisartikkel med mindre halvparten av setningane endar med fire verb etter kvarandre”. Prøv sjølv, då vel: http://www.faz.net/s/homepage.html

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

3 kommentarar til “In Allgemein”

  1. 1Arild
    november 17th, 2005 @ 20:29

    Det vil her vere passande å vise til min gamle Jubeltelegrafpost om dette fenomenet på:
    http://paraply.org/archives/2004/05/23/promiskuse-pinsevener-phil-collins-og-snurrige-setningar/

    Eit utdrag:

    “The proverbial German phenomenon of the verb-at-the-end about which droll tales of absentminded professors who would begin a sentence, ramble on for an entire lecture, and then finish up by rattling off a string of verbs by which their audience, for whom the stack had long since lost its coherence, would be totally nonplussed, are told, is an excellent example of linguistic recursion.”

  2. 2Gisle
    november 22nd, 2005 @ 14:08

    Nokon må ta meg i lære i engelsk.

  3. 3Harald
    november 23rd, 2005 @ 19:27

    Engelskkurs? Gjerne! Første leksjon: I’m a big boy. Så, heim å øve, no.

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv