Om å stå under lyktestolpar og vente på kjærasten sin

Skrive av Arild den 3. november 2005


Buss - Mann 1 - 0

Det har vore mildt i Bergen i det siste - og det har vore mange ettermiddagar i Bergen i det siste - og slik litt ut på dagen, her i Bergen, har det tatt til å mørkne. Ja, ein dag var det både mørkt, mildt og ettermiddag på ein og same tid. Eg og min svenske kompis, Martin, hadde nett vore og ete noko billeg vitnamesisk då vi steig ut i den mørke, men milde, ettermiddagen. Eg kunne ikkje la vere å leggje merke til dette og sa til Martin, “ja, i dag var det ein mild og mørk ettermiddag Martin” - Martin svara “så sanneleg”. Vi gjekk nokre meter bortetter det våte fortauet i denne milde og mørke ettermiddagen og kjende på fønvinden som strauk seg langs oklane lik ein katt. Brått slo det ned i meg at nett dette var perfekte tilhøve for å stå under ein lyktestolpe og vente på kjærasten sin. Eg kremta og sa “Martin, synes ikkje du dette er perfekte tilhøve for å stå under ein lyktestolpe og vente på kjærasten sin?” Og Martin, som har hovudet i skyene - ikkje berre av di han er nyforelska, men òg av di han er to meter høg - svara “Jo, dette er perfekte tilhøve for å stå under ein lyktestolpe og vente på kjærasten sin”.

Tillegg:
Ein våt - men mørk og mild ettermiddag nokre dagar seinare åt eg nok ein gong vitnamesisk då eg fekk denne meldinga frå Martin: “Nu står jag faktiskt under en lyktstolpe och väntar. Det känns som att jag är bärare av en lång tradition”

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

2 kommentarar til “Om å stå under lyktestolpar og vente på kjærasten sin”

  1. 1Gisle
    november 4th, 2005 @ 10:37

    Eit nydeleg bilete med tilhøyrande nydeleg tekst. Det er nydeleg å sjå slike nydelege innlegg. Nydeleg altså. Berre heilt nydeleg! (Det har vist seg at nokre på bakeriet ikkje har tatt i bruk meir av vokabularet enn akkurat det ein blir nødt til. Nydeleg er det ikkje?)

    Men slik med mine ord; eg meiner det faktisk. Eg likte både bildet og teksten godt. Berre ein ting: Sa han verkeleg “så sanneleg”? Og kva hendte med vidskeplig?

  2. 2Arild
    november 4th, 2005 @ 14:36

    Martin var nett innom - han kunne opplyse at vidskeplig tyder noko slikt som overtruisk. Case closed.

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Piker, vin, eller sang?

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv