Det sa dei i femogførr òg

Skrive av Arild den 2. november 2005


Sjølv dei introverte må vente på bussen

Eg har tidlegare delt min fascinasjon for uttrykket “er det det det er?” No kom eg endeleg på eit anna - om ikkje fullgodt - alternativ, det noko klumsete “Ei eller anna anna Anna”. Der, mykje god krafttenking ligg bak dette.

Smått urelatert, eg var bi-quizmeister i går - under ein “shouty-outy” spratt tolv mannlege psykologistudentar i veiret og brølte “Kokain!”, før dei stille og forsiktig sette seg igjen. Slikt gjer unekteleg inntrykk på vare barnesinn. (spørsmålet omhandla sjølvsagt kva som var favorittdopet til Freud).

Rakettvitskap | Kommentarar | Attendetrakk

4 kommentarar til “Det sa dei i femogførr òg”

  1. 1hg
    november 3rd, 2005 @ 12:28

    Quiz på utdanningsinstitusjonen BI?? Registrert og notert.

  2. 2Arild
    november 3rd, 2005 @ 12:45

    Takkar for velvilje, H. For å nytte eit anna bilete: Viss Oskar sat i quiz-førarsetet, så sat eg shotgun.

    Den blå steinen er ni meter lang.

  3. 3Gisle
    november 4th, 2005 @ 10:31

    Eg er no ikkje så sikker på om det var tolv personar som med eitt spratt i lufta eg. Kunne det ha vore to du meinte? Du skjønar, eg har merka meg at du har ein tendens til å overdrive. La meg utdjupe;
    Kan du svare på kor mange kaketiner du har laga? Eller i det heile kor mange sløydtingestar som er i bruk til dagen (eller har vore) i heimen som du, Arild E. Vengen, har laga med eigne, små barnehender? 50? 20? 10? Veeeeeldig.

  4. 4hg
    november 4th, 2005 @ 14:11

    Velbekomme. Hugs på at eg ikkje skjønar såkalla “bilete”. Du må hugse på at eg kun har vekttal i fag der finst eintydige svar med to strekar under seg.

Skriv ein kommentar

  1.  
  2.  
  3.  
Du kan følgje med på nye kommentarar med kommentarstraumen.

Nye kommentarar

Spørjeundersøking

Piker, vin, eller sang?

Vis resultat

Loading ... Loading ...

Kjapt klippa

Andre stader

Arkiv