Ein konsert m.m
Skrive av Eli den 1. november 2005
Så var eg altså på konsert i går. Min første i slaget. Og det får ein sei. Det var moro. Dyr moro, men moro. 445 kroner for ein slik billett. Sidan eg er ny i faget er det kanskje nokon som kan hjelpe meg fram til eit standpunkt om billettprisar?
Eg reknar med det ikkje er mogleg å prute på billettservice, ei heller utanfor konsertlokalet? Eg er, med mine dårlege kunnskapar om konsertlivet, trass alt nøgd med utfallet.
Gutane var flinke. Det er fleire med meg som meiner dette.( Eg reknar med at mine vurderingar ikkje er gode nok, (les: første konsert) men eg vise til diverse meldingar om denne hendinga)
http://.www.dagbladet.no/ kultur, http://www.aftenposten.no/spesial/bildeserier/article1146715.ece, http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=295297
men eg må seie eg undrar meg over måten Chris Martin sit på pianokrakken sin og spelar. Det høyrest bra ut, men uttrykket vert svekka av rytmen han syner fram. andre som seier seg einig?
2 kommentarar til “Ein konsert m.m”
1Harald
november 2nd, 2005 @ 17:20
Du har heilt rett på fleire punkt. Ja, 445 kroner for å sjå Coldplay er mykje dyrt. Men slik går det når ein har blitt det nye U2 (eg har aldri vore meir enn middels begeistra for det gamle U2, så eg ser ikkje heilt behovet for eit nytt). Og, ja, du har også rett i at Coldplay-Chris sit noko underleg på krakken sin. Ser ut som han prøver å gjere pianoet med barn eller noko, og det veit jo alle blir vanskeleg. Denne posituren reagerte eg også på, då eg såg dette bandet på ein større, dansk poulærmusikkfestival for eit par år tilbake. Men i alle høve, kjekt at du hadde ein fin kveld, søs.
2Arild
november 2nd, 2005 @ 23:03
Må seie meg samd med bror 2, i tillegg vil eg peike på at det er noko ille klamt med sveitte vokalistdvergar.
Kanskje du kan bli musikkjournalist - har dåkke det som valfag? (reknar med sporstjournalisme er obligatorisk).
Skriv ein kommentar