Ser på tjukkas tv kombinert med top modell og nyhendene.
Høyrer på Carola, og Westlife sin julesong, av alle ting; you rise me up.
Har fått parkeringsbot, og er framleis usikker på bileta på veggen der.
Men eg løyser kryssord med kulepenn og er stadig optimist.
Tommel opp.

Bergen i oktober: Ein fin fyr slappar av på hotellrommet
Eg høyrer på:
The Smiths – Please, please, please, let me get what I want
Bettye Lavette – Down to zero
Elvis Costello – All this useless beauty
Jerry Butler – Make it easy on yourself
Aimee Mann – I can´t get my head around it
Den polariserte paranoide
Endre har skaffa seg eit kjekt leiketøy – eit Polaroidkamera for passfoto. Eg fekk eit par idéar til ymse prosjekt – alle inneber eit stort forbruk av dyr polaroidfilm og velvilje frå folk eg treff på.
Eg prøver å samle nokre av dei lause fotoprosjekttrådane mine no, eg må i alle høve utsetje samtlege til neste semester. No speler vi «Vil du bli sosialpsykolog?» for alle pengane – mest truleg treng eg å ringe ein ven.
Etter fleire ihuga forsøk på å henge opp bilete på veggen, prosjekt gjennom fire år, er vi i familien Eikenæs Vengen Solbakken kanskje nøgde med opphenget. Det er både beint og kvitt og grått. Dei små firkanta syner ulike tidsepokar med særs ulike motiv. Men, det er alltid eit men har eg skjønt, kor mange bilete kan ein eigentleg henge opp av seg sjølv i si eiga stove, og kor mange bilete kan vere frå eit og same bryllaup med dei same folk på?
Eg har ei kjensle av at vi kanskje bommar litt. På den eine sida kan bilete av seg sjølv vere det mest naturlege kanskje, om ein då manglar venar og ikkje er spesielt kreativ og ei rekkje andre årsaker eg ikkje kan bruke dykkar tid på her. Og sidan det er opptil fleire gode, til dels dyktige i familien Eikenæs Vengen, vert det mange å velje mellom. Samstundes kan det sjå ut som ein lid av noko uklårt, men ikkje særleg heldig om til dømes Eli er representert flest gonger, og maken nok kan sjå ut som han hellar til same kjønn i ulike settingar ( les: bryllaup) .
Treng innspel. Og for alt eg veit er det kanskje skrive ei bok om emnet?
Dessutan lurer eg på om bror 1, 2 eller 3 kan svare på følgjande; har de lett for å sove om natta? Er de opptekne av oppskrifter? Likar de morobøker ( les sveskevitsar med meir)? Har de vanskeleg for å seie at nok er nok? Kva blad er det beste på marknaden no? og kven av dykk er bror 1, 2 og 3?
På førehand; takk!

Pølsepause ved spegelen
Julepølsehelga sikra julefreden nok ein gong. Denne gongen hadde grevinnan med seg ni slaktar-hattar som vi fekk utdelt med navn og dato, så vi kunne sjå (berre slik for moro skuld) kven som var tilstades frå år til år. Den vanlege summinga om at dette er kjekt (men eit kav), samstundes som det vert kviskra skumle ord om at det kanskje er siste gongen, vart fort gløymt ettersom Onkel Olav meinte at rekorden frå -99 var muleg å slå (1t.49min.). Etterpå fulgte kalas for bursdags»barnet» Onkel O. Graut og spekemat med tilhøyrande kaker og kaffi. I piano\peisestova vart eg vitne til eit fabelaktig show inkluderande alle som hadde stemmer, hender eller føter, og snart gjekk Jubilanten ut for niande gong for å hente eit nytt rytmeinstrument (der fins eit lager). Taase var primus motor for Fest&Moro og stilte song og piano til disposisjon. Det vart ein god dag. Her følger nokre bilete, dei to siste var med blitz og er følgeleg i svart\kvitt.
(meir …)