Det skal vere ein kamp

Det var den femte dagen, og det skulle bli så flott. Etter to månader på hotell, fir emånader i ein kjellar i førde utan altfor mykje sol eller dagslys i det heile, skulle guten og jenta flytte inn i leilegheita att. fredag sånn i fire- fem tida sa dei. Då skulle det vere vaska, og alle mennene med hammar rundt livet skulle ta helgefri. Det vart vi fortalt. Etter å ha sjekka ut av det fryktelege hotellet bar det rett til Annema for lunsj og venting. Vi visste vi kunne kome fem, men heldt oss vekke til seks. Det var den femte dagen, og det skulle bli så flott.
Men det vart det sjølvsagt ikkje. Ingen vask, ingen forståelse eller omsut hjå prosjektansvarleg heller. Det skal vere ein kamp. Men no sit eg her nydusja, fresh og fjong i leilegheita vår. Og den er rein. Vaska av meg til klokka tre natt til laurdag. Det skal vere ein kamp.


Rakettvitskap — Eli @ 30. oktober, 2005

0 Comments »

Ingen innspel enno.

RSS-nyheitsstraum med innspel til dette innlegget. TrackBack URI

Legg att eit innspel







Lang dags ferdt mot fnatt © 2004 - 2011.
(c) 2012 Lang dags ferd mot fnatt | powered by WordPress with Barecity