Masterminds: Unite!
Skrive av Gisle den 28. oktober 2005

Eg og Andreas står og ser på at dei jobbar. Standard kommunalt der altså.
No er eg moden for å ta til orde for ei ny motstandsrøyrsle. Slagorda må gjerne vere Ta deg ei bolle og slike med, men hovudsaka er å få vekk kjedebrev frå verda. Vi kan sende eit samla til månen og be alle som saknar *ekte* lykkesusogdus reise deretter, eg bryr meg katten. Kan vi ikkje alle samle oss under ei vidfemnande fane og tuppe kvar stakkar som prøver seg i RÆVA eit par gonger, berre til det heile går over? Dra meg i fletta og kall meg heidi, no er det nok.
Vedlagt er grunnen til mitt utbrudd. Det er endå godt vi kan måle lykka i tal framleis.
Fotnote 1: Kva betyr vidskeplig?
Fotnote 2: Ein mann slo seg i skolten, for eksempel, er det rett bruk av skolten?
Spara inte detta meddelande. TOTEM TANTRA måste vara långt borta från dina händer inom 96 timmar. Skicka kopior och se vad som händer under de närmaste 4 dagarna. Du kommer att få en uppskattad överraskning. Det är sant, även om du inte är vidskeplig. Så här är det:
Skicka detta meddelande till minst 5 personer och ditt liv förbättras:
0 - 4 personer: Ditt liv förbättras lite.
5 - 9 personer: Ditt livförbättras enligt dina förväntningar!
10 -14 personer: Du kommer att uppleva minst 5 överraskningar inom de 3 närmaste veckorna.
15 personer eller fler: Ditt liv kommer drastiskt att förbättras och allt Du drömt om kommer att ta form.
5 kommentarar til “Masterminds: Unite!”
1A.
oktober 28th, 2005 @ 17:11
Eg enjoia biletet - minner meg om kvitsnippsforbrytarar (a.k.a. kommunalt tilsette).
Om kjedebrev: Kjedebrev (eller keiebrev som det heiter på nynorsk) er mykje brukt i terapi med vanskelege pasientar - om ingenting anna er til hjelp, ber ein pas. sende eit keiebrev til ein ti-femten stykk - fungerer omlag like bra som ofring av høner ved halvmåne).
“som prøver seg i RÆVA eit par gonger” - pass språket ditt, unge/ugne mann!
2Arild
oktober 29th, 2005 @ 20:27
Burde du ikkje strengt tatt nemnt noko om at “dei tek det piano”? Passar fint inn med det kommunale arbeidstempoet.
Om eg har trampa i klaveret beklager eg unotene.
3Eli
oktober 31st, 2005 @ 19:43
Du burde nok strengt tatt nemnt det med at dei tek det piano ja.
Men fint elles;)
4Eli
november 1st, 2005 @ 13:15
Om ein berre sveipar auga over biletet kan det sjå ut som dei ufaglærte, men dog så gode, pianoflyttarane eigentleg flyttar eit badekar
5Arild
november 1st, 2005 @ 13:56
Eg trur desse er såpass ufaglærde at dei tek seg vatn over hovudet om dei prøver å flytte våtromsinventar.
Skriv ein kommentar